Anne Hvidsten fornøgd med samarbeidskonserten

Dei skapte eit magisk stemnemøte både for seg sjølv og publikum. Anne Hvidsten, Kristin Minde Kråkenes og May Sissel Rismyhr Jansen med fleire song jula inn i Salhus kyrkje.

DEL

– Utruleg fint å samla så mange gode, lokale musikarar under same tak, dette hadde eg gledd meg stort til å vera med på. Det var ein heilt magisk atmosfære i kyrkja, så du skal ikkje sjå vekk frå at dette kjem til å bli ein tradisjon, seier Anne Hvidsten.

Det vart ein veldig vakker og stemningsfull konsert.

Anne Hvidsten, Kristin Minde Kråkenes, May Sissel Rismyhr og ei rekkje andre artistar framførte både kjende og kjære julesongar på repertoaret, nokre heilt nye songar og nokre i heilt ny «juledrakt».

– Fantastisk å synga saman med flotte musikkvener. Vi har eit rikt musikkmiljø i distriktet, og samarbeid er både viktig og inspirerande, seier Anne Hvidsten.

Artikkeltags