Her er Astrid Aarhus Byrknes si gullhelsing

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes feirar EM-gullet til Eikanger Bjørsvik under Krf sitt landsmøte i Trondheim. På oppfordring frå Avisa Nordhordland har ho skrive helsing der ho hyllar dei ferske europameistrane. Foto: Privat

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes er ein skikkeleg korpsentusiast og EBML-supporter.

Då sigeren i Belgia var eit faktum var ho rask på tastaturet og gratulerte korpset med bragda.

Avisa Nordhordland oppfordra Lindås-ordføraren til å skrive ei helsing gjennom avisa og Aarhus Byrknes kvitterte raskt:

Kjære EM-meistrar.

Gullkorpset, gullaget, dei beste i Europa og i verda forøvrig. Dokker e best, dokker klarte det.

Vi heime har heia, vi har venta i spenning. Så kom resultatet: EBML tok 1. plassen. Dette er så velfortent , dette er så til dei grader bra-fantastisk.

Eg er så stolt og så glad og så gira.

Heia EBML - kos dokker, sol dokker i glansen, ta imot all ros og nyt kvart øyeblikk som er så fortent. I love you all!

Helsing den stolteste ordfører i Norge i brasskommunen Lindås.

Velkomen heim kvar einaste ein og gullet, for dokker er gullet vårt.

Klem Astrid

Artikkeltags