Mista faren i forliset som 4-åring: – Håpte i fleire år at han skulle koma tilbake

Fire år gamle Svein sprang ned på kaien og sa til skipparen at dei måtte venta på faren, han skulle vera med båten. For Saron Rognøy vart dette siste reis. – I fleire år håpte eg at han skulle koma tilbake, seier mannen som runda 80 år berre nokre dagar etter han og ein stor familieflokk var med på 75 års-markeringa for forliset til DS «Masfjord».