Våte men like blide under første Trekantmarsjen

MYRSFJELLET: Camilla Sellevold likar det varierande terrenget og den flotte utsikta frå Myrsfjellet. Her saman med dottera Andrea Sellevold (9) og Emilie Lid (9).Alle foto: Victoria Bårdsen Fjellanger

MYRSFJELLET: Camilla Sellevold likar det varierande terrenget og den flotte utsikta frå Myrsfjellet. Her saman med dottera Andrea Sellevold (9) og Emilie Lid (9).Alle foto: Victoria Bårdsen Fjellanger

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Sundag 2. juli vart Trekantmarsjen arrangert for aller første gong.

DEL

Trekantmarsjen er del av tursekk-prosjektet til Knarvik Senter, Norli, Avisa Nordhordland og KnarvikMila. I år har 3 av dei 10 turane i «Tursekken 2017» utgangspunkt frå Trekanten Aktivitetspark på Kløvheim.

Dei som går alle dei tre turane som har utgangspunkt frå Trekanten på same dag, er med i trekninga av flotte premiar. Dei tre turane dette gjelder er Myrsfjellet, Fløyen og Baståsen.

Underteikna var sjølv ute på tur for å treffe nokon av dei som tok turen ut sjølv om det regna mykje denne dagen. På veg til Myrsfjellet møtte me Camilla Sellevold og slo av ein prat med henne. Camilla har i dag sin tredje tur til Myrsfjellet.

Flott utsikt

– Eg er glad i å gå på tur og bruker turløypene i nærområdet mykje, seier ho.

Det ho likar best med turen til Myrsfjellet er det varierande terrenget og den flotte utsikta. Med seg på turen har ho dottera Andrea på 9 år som også er glad i å gå på tur.

LIKE BLID: Johanne W. Bårdsen (8) og Laura B. Fjellanger (7) er våte, men framleis i godt humør.

LIKE BLID: Johanne W. Bårdsen (8) og Laura B. Fjellanger (7) er våte, men framleis i godt humør.

Like etter treff me Marianne Lid som er på sesongens 2. tur til Myrsfjellet. Ho valde å gå turen til Myrsfjellet på grunn av det fine, varierte terrenget.

– Det er kjekt med godt selskap på turen, seier Marianne, som har med seg dottera Emilie (9) på turen.

Emilie likar og å gå på tur. Men no har dei ikkje tid til å svare på fleire spørsmål for dei vil henge seg på Camilla og Andrea vidare.

Vi valde å slå følge med nokon av dei som etter kvart bestemte seg for å gå alle tre turane i Trekantmarsjen. Eg nytta høvet til å stille to unge jenter som har gått alle tre turane nokre spørsmål. Dette er Johanne W. Bårdsen 8 år og Laura B. Fjellanger 7 år. Dei er våte, men framleis i godt humør.

– Vi har hatt ein fin dag sjølv om været har vore dårleg, seier dei to.

Dei likar å gå på tur, for då kan dei gjera ting saman. På spørsmål om kva som er den finaste turen dei har gått svarar Johanne at det er frå Ikea i Åsane til mormor og morfar på Steinestø.

Gjekk alle tre turane

– Min finaste tur er Bjørn West-marsjen, seier Laura.

Mødrene Hege Bårdsen og Ramona Bårdsen Fjellanger er også våte etter ein heil dag ute på tur. Dei gleder seg til å koma i hus og få på seg tørre klede.

Alle dei 45 som møtte opp fekk pølse i brød, drikke og tursjokolade før start. Grillane vart haldne varme, slik at folk kunne få litt meir mat og drikke etter kvart som dei kom tilbake frå turane sine. Av dei 45 som gjekk på tur veit me at ein plass mellom 8–10 personar gjennomførte alle dei tre turane i Trekantmarsjen denne dagen.

TURGLADE: Amanda Frøseth Hindenes og Victoria Bårdsen Fjellanger.

TURGLADE: Amanda Frøseth Hindenes og Victoria Bårdsen Fjellanger.

Arrangementet var eit gratis arrangement og det var Meny-butikken i Knarvik som sponsa mat og drikke.

– I tillegg stilte butikken på Kløve med det me plutseleg oppdaga at me mangla, fortel leiar i Kløvheim Bygdelag, Bernt Olav Fjellanger.

Han er fornøgd med oppmøte med tanke på det dårlege været og at det nok er ein del som allereie har reist vekk på ferie.

Kløvheim Bygdelag vil takke alle som stilte opp for å gå tur og ikkje minst dei som var med på førebuingar, gjennomføring og etterarbeid.

Artikkeltags