Fiskekveld i Nordgårdsløa

Endre Hopland på fisketur i Eikangervåg.

Endre Hopland på fisketur i Eikangervåg. Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Ferskvassfiske i nærområdet står på timeplanen.

DEL

Tysdag 27. september inviterer fiskestellsutvalet i Nordhordland Jakt- og Fiskelag til fiskekveld i Nordgardsløa på Frekhaug. Denne gongen er det ferskvassfiske i nærområdet som står på timeplanen.

LES OGSÅ: – Eg fekk ein høg fisk på kroken

Auren er den desidert mest populære fisken vår, og den er talrik i både vatn og elver i heile distriktet. Den er likevel ikkje den einaste ferskvassarten vi har. Mange er nok klar over at det sym røye, gjedde og ål i ein del av vatna våre, og at det går laks opp i enkelte elver, men visste du at også fiskar som vederbuk, karuss, karpe og hork er ein del av artsmangfaldet i fylket?

Innanfor fylkesgrensene er det faktisk mogleg å fiska minst 13 ulike ferskvassartar, og teknikkane ein kan ta i bruk er nesten like talrike som fiskeslaga.

LES OGSÅ: Fiskefestival på Fedje: Edel fekk fisk som var større enn ho sjølv

– Hovudfokuset denne kvelden kjem til å vera på dei mest vanlege artane og fiskemetodane, men vi svingar innom alle typar lokal ferskvassfisk og korleis ein fiskar desse, med alt frå tørrfloge til naturleg agn, sommar som vinter, seier leiar i fiskestellsutvalet, Jan Hinriksson.

Det er Hooked-redaktør Endre Hopland som står for kveldens foredrag, Foredraget startar klokka 19.00.

Artikkeltags