Gå til sidens hovedinnhold

Denne fantastiske videoen går sin seiersgang i heile Nordhordland

Sjå den fantastiske timelapsen til Ola Moen her.

Artikkelen er over 5 år gammel

Ola Moen hyllast for sin timelapse som viser det beste av Nordhordland!

Det er hobbyfotografen Ola Moen frå Alversund som står bak videoen - ein sokalla timelapse som er sett saman av mange stillbilder. 

Videoen blei først publisert på hans eiga facebookside Fjord Images 2. juledag. Den har i skrivande stund blit delt heile 350 gonger. Den vart deretter plukka opp av Strilen.

Sjå heile videoen til høgre.

Blir hylla for fotokunst

I kommentarfeltet blir Moen hylla for sine evner med kameraet og til å sjå vakre motiv.

– Fantastisk! Foto-/filmkunst på sitt beste, skriv ein av følgjarne.

– Noe av det vakreste jeg har sett på lenge. Takk for at du vil dele dette med oss, skriv ein anna.

Det er eit omfattande arbeid som ligg bak den spektakulære filmen.

– Opptaka til denne filmen har eg brukt godt over eit år på å gjera. Filmen består av 52 element, og 51 av desse er opptak frå dei ni kommunane som utgjer området Nordhordland. Meir enn 11.100 bilder måtte til å for å danne dei litt over seks minuttane med film, skriv Moen på si facebook-side Fjord Images.

– Prosjekt utan ende

Avisa Nordhordland har fått godkjenning til å publisere filmen.

– Målet med filmen er å visa Nordhordland frå ytterst til innerst gjennom årstidene, skriv Moen.

Han vedgår at prosjektet etter kvart vart svært omfattande.

– Å laga ein slik film frå sitt eige nærområde er eigentleg eit prosjekt utan ende. Ein må berre bestemme seg for at nok er nok. No til jul var tida inne for ei avslutning av prosjektet, skriv Moen, som gjerne tar i mot endå fleire følgjarar på facebooksida si.

Kommentarer til denne saken