Slektningen til Inge Alver vart stormforelska i DS «Oster»: Reiste rett heim til Canada og måla gamledampen

Eit kveldscruise med DS «Oster» gjorde eit mektig inntrykk på canadiaren Richard Cullis. Vel heime igjen laga han eit måleri av båten, som no skal pryda ein av salongane om bord. Originalen er med på den nasjonale kunstutstillinga i Canada.