Eikanger-Bjørsvik Musikklag vant NM Brass: - Dette er stort!

- Dette var heilt nydeleg! Så vel fortent, seier ordførar Asttrid Aarhus Byrknes, då ho gratulerte Eirik Helland og Eikanger-Bjørsvik Musikklag med 1. plass i elitedivisjon i NM Brass.

- Dette var heilt nydeleg! Så vel fortent, seier ordførar Asttrid Aarhus Byrknes, då ho gratulerte Eirik Helland og Eikanger-Bjørsvik Musikklag med 1. plass i elitedivisjon i NM Brass. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Det seier Eirik Helland i Eikanger-Bjørsvik Musikklag, som gjekk heilt til topps i elitedivisjon i NM Brass.

- Dette var kjekt, altså! Det ligg masse øving og arbeid bak, så dette er fantastisk for musikarane våre, seier Helland til Avisa Nordhordland like etter premieutdelinga.

- Vi har levd i spenning i heile dag, innrømmer han.

Det er to år sidan Eikanger-Bjørsvik sist fekk 1. plass i NM Brass.

- Dette betyr at vi kan delta på EM i Belgia neste år. Det gleder vi oss til!

- Så vel fortent!

Ordførar Astrid Aarhus Byrknes var raskt på plass for å gratulera vinnarkorpset.

Det ligg masse øving og arbeid bak, så dette er fantastisk for musikarane våre, seier Eirik Helland i Eikanger-Bjørsvik Musikklag

Det ligg masse øving og arbeid bak, så dette er fantastisk for musikarane våre, seier Eirik Helland i Eikanger-Bjørsvik Musikklag

- Dette var heilt nydeleg! Så vel fortent! Nordhordland er best i brass, smiler Byrknes.

Ho gav Helland ein stor klem, og heidra korpset.

- Det er sjølvsagt flott at Eikanger-Bjørsvik er tilbake på toppen igjen, seier ho.

- Eg må også få seia gratulerer til Manger Musikklag. Det var tett i toppen, og det var flotte prestasjonar av begge to, seier ho.

Jamt

Det var ekstremt jamt i toppen, det var ikkje mykje som skilja dei tre beste korpsa.

Manger Musikklag kom på 2. plass i elitedivisjon, og Bjørsvik Brass kom på 5.plass. Berre 0,25 poeng skilte korpsa på toppen.

Resten av resultatlista ligg under. Dei lokale korpsa er i utheva skrift.

    Eikanger-Bjørsvik gjekk heilt til topps i NM Brass.

    Elitedivisjon


    1 Eikanger-Bjørsvik Musikklag, dir Dr. Nicholas Childs 99|94,5|96,75
    2 Manger Musikklag, dir Philip Harper 97|96|96,5

    3 Stavanger Brass Band, dir Allan Withington 96|97|96,5
    4 Jaren Hornmusikkforening, dir Howard Evans 93|92|92,5
    5 Bjørsvik Brass, dir Howard Snell 90,5|93,5|92
    6 Oslo Brass Band, dir Geir Holm 91|91|91
    7 Krohnengen Brass Band, dir Bjørn Breistein 88|94|91
    8 Oslofjord Brass, dir Gary Cutt 86|89,5|87,75
    9 Ila Brass Band, dir Adam Cooke 85|88|86,5
    10 Molde Brass Band, dir Russel Gray 82|90|86

    1. divisjon


    1 Kleppe Musikklag, dir John Philip Hannevik 95
    2 Tertnes Brass, dir David Roberts 94
    3 Askøy Brass Band, dir Reid Gilje 93
    4 Musikkorpset Gjallarhorn, dir Selmer Simonsen 91
    5 Tomra Brass Band, dir Nick Ost 90
    6 Tertnes Amatørkorps, dir Bengt Florvåg 89
    7 Oster Brass, dir Joseph Cook 88
    8 Brøttum Brass, dir Stian E. Svendsen 87
    9 Hasle Brass, dir Robert Solberg Nilsen 86
    10 Sandefjord Brass Symposium, dir Trond Husebø 85
    11 Sola Brass Band, dir Rune Gundersen 84
    12 Alexander Brass Band, dir Morten E. Hansen 83

    2. divisjon


    1 Flesland Musikklag, dir Thor-Arne Pedersen 95
    2 Haukås Musikklag, dir Jan Egil Jørgensen 93
    3 Jølster Musikklag, dir Stian E. Svendsen 92
    4 Radøy Brass, dir Gareth Pritchard 91
    5 Trondheim Politi's Brassband, dir Espen Andersen 90
    6 Follesø Musikklag, dir Torstein Aagaard-Nilsen 89
    7 Tromsø Brass, dir Tor-Kristian R. Innbjør 88
    8 Ørskog Brass, dir Arnfinn Dalhaug 87
    9 Sagvåg Musikklag, dir Paul Hughes 85
    10 Agder Brass, dir Ola Balstad 84
    11 Bergen Brass Band, dir Sturle Berntsen 83
    12 Sørum Musikklag, dir Henrik Dagestad-Dalhaug 82
    13 Fjell Brass, dir Paul Fensom 81

    3. divisjon:


    1 Tysnes Musikklag, dir Yngve Nikolaisen 94
    2 Lindås Brass, dir Hilde M. Brevik Grytten 92
    3 Manger Old Star Brass, dir Marit Tømmermo 91,5

    4 Tysvær Brass, dir Martin Kinn 91
    5 Rong Brass, dir Thor-Arne Pedersen 90
    6 Laksevåg Musikkforening, dir Helge Haukås 89
    7 Gjøvik Brass, dir Christian Tenfjord 88
    8 Stangaland Brass, dir Rasmus Kærsgaard 87
    9 Gjesdal Brass Band, dir Jonas Skartveit Rogne 86
    10 Valdres Brass, dir Tor Arthur Hagen 85
    11 Langhus Brass, dir Tomas Carstensen 84
    12 Flora-Bremanger Brassband, dir Phil Goodwin 83
    13 Flå Musikkorps, dir Odd Steinar Mørkved 82
    14 Fræna Brass Band, dir Mareika Grey 81

    Artikkeltags