Alkohol på festivalcampar vil framleis vere lov

FÅR LOV: POD ville nekte folk å ta med eigen alkohol på festivalcampar. No har justisministeren bestemt at desse vurderingane skal bli gjort lokalt. Her frå Utkant 2017.

FÅR LOV: POD ville nekte folk å ta med eigen alkohol på festivalcampar. No har justisministeren bestemt at desse vurderingane skal bli gjort lokalt. Her frå Utkant 2017. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det vil framleis vere lov å nyte medbrakt alkohol i festivalcampar: Lokalt politi skal framleis avklare rammene rundt festivalane.

DEL

– Det inneber at festival-Norge blir som før. Sunn fornuft tilseier at vurderingane av ramma rundt den enkelte festival blir gjort lokalt. Slik har det vore tidlegare, og slik blir det i framtida, seier justisminister Per-Willy Amundsen til NRK Sogn og Fjordane.

Han har bedt Politidirektoratet om å trekke brevet til distrikta om rammevilkåra for festivalarrangørar, og sikrar slik at det framleis blir lov å nyte medbrakt alkhol i festivalcampar.

Skapte reaksjonar

Det var i november at Politidirektoratet sende ut eit brev som sa at alle russefestival, og også musikkfestivalar med camp for overnatting no skulle bli pålagt totalforbod mot medbrakt alkohol. Dette skapte naturlegvis reaksjonar rundt om kring i landet. Avisa Nordhordland snakka i november med Utkant-sjef Viggo Randal om det varsla forbodet. Sjølv om han meinte at det ikkje ville vere kroken på døra for Utkant-festivalen i Gulen, hadde han fleire spørsmål kring korleis eit slikt forbod skulle handhevast.

– Det verste som kan skje er vel at folk må drikke alkohol inni telta, og ikkje utanfor? Og kva med campingplassar som ligg ein kilometer unna ein festival? Og alle dei som hos oss under festivalen slår opp telta sine utanfor campen? Vil dette forbodet gjelde også dei? spurde Randal.

Men no slepp altså både Randal og andre festivalsjefar å lure meir på dette. Vurderinga vil no, som før, bli gjort lokalt.

Vurderingane

Justisdepartementet peikar overfor POD på fleire forhold som lokale politistyresmakter bør vurdere når avgjerder om skjenking skal takast:

  • Eit festivalområde kan bestå av område med og utan skjenkeløyve.
  • Campingvogn, bubil og telt vil ofte vere å sjå som privat sfære og dermed ikkje omfatta av alkohollova.
  • Det å krevje skjenkeløyve for heile festivalområde er meir inngripande enn til dømes å krevje vakthald på områda som ikkje har skjenkeløyve.

– Det er viktig at dei førebyggande tiltaka som er naudsynte blir gjort lokalt. Og vilkår som eventuelt bør påleggast arrangørane, må blir vurdert i det enkelte tilfelle, seier Amundsen til NRK Sogn og Fjordane.

Artikkeltags