June frå Alversund fekk nasjonal kultursjefsstilling

Ein av tre: June Mariann Breivik frå Alversund er ein av tre nye leiarar i den nasjonale etaten Kulturtanken.  Foto: Pressefoto

Ein av tre: June Mariann Breivik frå Alversund er ein av tre nye leiarar i den nasjonale etaten Kulturtanken. Foto: Pressefoto

Artikkelen er over 2 år gammel

June Mariann Breivik frå Alversund blir ein av tre nye leiarar i den nasjonale Kulturtanken.

DEL

Breivik kjem frå Alversund i Lindås og har erfaring som rektor, undervisningsinspektør og einingsleiar i kommunen.

No blir ho ny leiar for avdelinga Kunst, kultur og skule i den nasjonale etaten Kulturtanken.

Kjem frå BI

Ho kjem frå stillinga som utviklingssjef for e-læring på Handelshøyskolen BI, og har tidligare altså lang fartsid i skuleverket.

LES OGSÅ: Ei historisk framføring frå Seim-songarane

Ho er utdanna sosiolog, skriv bloggen «Tanker», og er forfattar av boka «Læring i en digital tid.»

– Felta kunst, kultur og skule er veldig spennande, seier Breivik i ei pressemelding til Avisa Nordhordland.

– Kunst og kultur er viktig for barn og unge, og i den digitale tida vi lever i er det viktigare enn nokon gong, held ho fram.

– For kva er det som gjer oss til mennesker? Det er jo nettopp det å skape. Unge skaper gjennom digitale medier heile tida; sjå på remix-kulturen blant dei unge, sjå korleis dei brukar YouTube. Når vi får ein stadig meir robotisert kvardag, er det det kreative vi må fokusere på, seier Breivik.

Leiande kunstnasjon

Ho er ein av tre nye leiarar. Dei to andre er Ståle Stenslie og Mihriban Rai.

LES OGSÅ: Turløyper i Lindås blir skilta

Direktør i Kulturtanken, Lin Marie Holvik er glad for å få med seg dei tre leiarane på vegen vidare.

– Kulturtanken skal gjere Norge til ein leiande kunst- og kulturnasjon for born og unge, seier ho.

– Vi har eit stort og særs viktig oppdrag gjennom dannelsesprosjektet Den kulturelle skolesekken. Gamle og nye medarbeidarar i Kulturtanken, lærarar, byråkratar, elevar og kunstnarar – skal saman knytte tettare band mellom skule, kunst og kultur, og løfte den fantastiske ordninga Den kulturelle skolesekken.

– Skal gjere ein skilnad

– Kulturtanken er den nasjonale etaten for Den kulturelle skolesekken, og vi skal vere ein etat som gjer ein skilnad for den oppveksande slekt, seier direktør Lin Marie Holvik i pressemeldinga.

LES OGSÅ: 55 lokale talent er klare for stort operashow

– På kvart sitt felt vil dei tre nytilsette leiarane bidra til at Kulturtanken når måla om kvalitet, samarbeid og effektiv forvaltning i Den kulturelle skolesekken.

Artikkeltags