Gå til sidens hovedinnhold

Blir haustens stjerner på DNS

Artikkelen er over 5 år gammel

Julia Bache-Wiig og Preben Hodneland har fått to av hovudrollene i teaterstykket «Forbrent» på DNS denne hausten.

Stykket har premiere på Den Nationale Scene (DNS) i Bergen laurdag og er ei av hovudsatsingane til teateret denne hausten. Det skal rulle og gå på vestlandets største teaterscene fram til midten av oktober. I alt skal dei to nordhordlendingane gjennomføra 31 førestillingar.

– Først og fremst er det veldig kjekt å få så spennande oppgåver, seier Julia Bache-Wiig, som blei landskjent i TV-suksessen Frikjent på TV2 tidlegare i år. No er jenta frå Eivindvik i Gulen tilbake på teaterscena. Med seg har ho lindåsingen Preben Hodneland. Også han er stolt og audmjuk over å få ei så stor rolle på ei DNS-satsing. Grunnane til det er fleire.

– Det er jo noregspremiere laurdag, og Kjersti Horn, som nyleg vann Heddaprisen, er ein utruleg spennande regissør. Stykket skal gå på den store scena og er ei satsing. Det heile er rett og slett ei annleis teaterførestilling, forklarar Preben.

LES OGSÅ: – Kjekt å spela saman

– Var førsteval

Teatersjef Agnete Haaland, har sjølv røtene sine frå Alversund, men det var ikkje geografi som gjorde at valet fall på desse to.

– Vi trengte to unge skodespelarar til å spela i «Forbrent», og vi valde frå øverste hylle. Vi har fått dei to beste, Julia og Preben var begge førsteval, seier Haaland til Nh.

Dei to spelar tvillingsyskena Simon og Janine som har mist mor si. Ho etterlet seg eit testamente der syskena får i oppgåve å finna familiemedlemmer dei ikkje visste dei hadde. Gjennom jakta på ein far og ein bror, blir vi kjende med moras traumatiske livshistorie.

– Rollene krev veldig mykje både mentalt og fysisk, så vi er veldig glade for at vi har fått akkurat Julia og Preben.

– Kva er styrkane deira?

– Begge er usedvanleg tilstades på scena. Dei er dedikerte og fine kollegaer. Eg trur begge kjem til å nå veldig langt.

Bache-Wiig er veldig opptatt av at teater er eit lagspel. Ho vil difor ikkje snakka for mykje om si eiga rolle - sjølv om det kanskje er den største ho har hatt innan teater.

– Det er vanskeleg å definera slike ting, ein er jo alltid i eit ensemble. Først og fremst er det eit stort lagarbeid. I scenografien til dette stykket er det tolv skodespelarar, og vi går aldri av scena, det er veldig spesielt.

– Det blir eigentleg rart å snakka om hovudroller. Både Janine og Simon som vi spelar er sentrale roller, men førestillinga handlar jo i all hovudsak om Naval, som er mora vår, held Preben fram.

Begge meiner tematikken er dagsaktuell med tanke på flykningestraumen Europa opplever frå Syria. Mora Naval har nemleg skjult si krigshistorie frå Libanon for syskena.

LES OGSÅ: Ei skrekkeleg historie

– Intim oppleving

Så mykje meir kan dei eigentleg ikkje fortelja i avisa.

– Det er litt av eit dilemma, det der. Når vi kjem til eit punkt i historia , så kan vi ikkje avsløra meir. Det som er uttalt om historia er at mor vår er død. Under opplesinga av testamentet får vi kvar vår oppgåve. Simon skal finna sin bror, eg min far. Hvis vi klarer det, får vi eit nytt brev som mor vår har skrive, avslører Julia.

– Det verkar som spenninga stadig byggjer seg opp?

– Absolutt. Og det som er spennande for publikum, er at det er eit stort lagarbeid. Vi vekslar mellom fortid og notid. For kvar ting vi finn i jakta, så får publikum sjå Naval si historie. Ho har vore taus i fem år, det einaste vi veit er at ho har bakgrunn frå borgarkrigen i Libanon og at ho mest sannsynleg har vore utsett for grusomme lidingar, utdjupar Julia.

– Kvifor bør nordhordlendingar reisa til by'n og sjå dykk?

– Det er desverre ein veldig sterk og aktuell tematikk i forhold til det vi ser i verda i dag. Samtidig får publikum historia servert veldig tett på seg. 

– Ja, fysisk sett er vi veldig nær publikum sjølv om vi er på storscena. Den er bygd ut, så dette blir ei intim oppleving, lovar Preben.

– Har du premierenervar?

– Ja, det er alltid nervar i sving før ein premiere, men samtidig gler vi oss mest til å koma i gang og visa førestillinga for publikum, seier ein premiereklar Preben.

Kommentarer til denne saken