Nok eit innbrot i Nordhordland

Svein Arne Hatlevik

Svein Arne Hatlevik

Artikkelen er over 3 år gammel

Politiet ser eit mønster, men står likevel fast.

DEL

I 14-tida tysdag vart det meldt om eit innbrot i ei hytte langs Rosslandsvegen I Meland kommune.

Det er førebels ikkje klart kva som er stole frå hytta.

Nordhordland har vore plaga med ei rekke innbrot den siste tida, og politiet set også dette innbrotet i samanheng med dei andre innbrota i området vårt.

– Det er eit felles modus med knuste ruter, seier politioverbetjent Svein Arne Hatlevik til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Slit med å oppklara innbrotsbølge i Nordhordland

Han innrømmer at politiet står litt fast for tida.

– Me slit med å få napp. Men til slutt får me nok det rette trumfkortet, seier han.

Nordhordland har i ein lengre periode vore heldige og hatt relativt lite innbrot, men den siste tida har det vore ein kraftig oppsving.

LES OGSÅ: Politiet ber om hjelp til å oppklara tjuvraid

Sidan dei står at med så lite spor, ser han ikkje vekk frå at det heile er organisert av profesjonelle.

– Men me samlar inn opplysningar. Dette er eit puslespel, og me finn nok dei rette bitane til slutt, seier han optimistisk.

Det har vore fleire innbrot også i Åsane, og politiet ser også dei i samanheng med innbrota i Nordhordland.

LES OGSÅ: Kom heim til endevendt bustad

Artikkeltags