To hytteinnbrot i Lindås: Politiet oppmodar folk til å sjekke hyttene sine

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

I helga fekk politiet melding om at det hadde vore innbrot i ei hytte i Hundvinsvegen i Lindås kommune.

– Det vart meldt inn av hytteeigar at det var stole ein del sprit frå hytta, sa operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt søndag.

LES OGSÅ: Mann i 20-åra tatt i 126 km/t i 80-sone

Måndag føremiddag fortel Lindås-lensmann Kjell Idar Vangberg at innbrotet vert sett i samanheng med eit anna innbrot i same område.

– I løpet av ein periode på to veker har det vore oppdaga innbrot i to hytte på Hundvin. Begge stader er alkohol det einaste som er stole, fortel han.

– Om folk har opplysingar som kan vere til hjelp, er vi takksame om dei tar kontakt med oss, seier Vangberg.

– Bør folk sjekke hyttene sine?

– Så langt har vi berre fått melding om innbrot i to hytter, men vi kan ikkje sjå vekk frå at det kan gjelde fleire. Folk som har hytte i området må gjerne sjekke desse. Har ein ikkje anledning til å gjere det sjølv, bør ein gjerne få nokon til å sjekke hytta for seg, oppfordrar Vangberg.

LES OGSÅ: Politiet måtte gripe inn på hyttefest

Artikkeltags