Krev styrka brannberedskap langs E39

Artikkelen er over 8 år gammel

Kan stoppa nye bustad- og industriområde.

DEL

For dårleg brannberedskap kan inntil vidare stoppa nye bustad- og næringsprosjekt i Eikanger-Ostereidet-området. I forslaget til kommuneplanen er det lagt ut nytt industriområde og byggeland, men brannsjefen stiller klare krav før denne utbygginga kan gjennomførast.

- Før nye bustad- og industriområde blir bygt ut langs E39 innover Osterfjorden meiner vi det er nødvendig å styrka brannberedskapen . I dag kan vi forsvara beredskapen, men vi åtvarar mot nye utbyggingar utan at noko blir gjort for å ivareta sikkerheita, seier Holtan.

Brannvernet har stilt krav i samband med nye utbyggingsområde som no blir lagt ut i forslaget til arealdelen i ny kommuneplan.

- Ny utbygging i området vil medføra større aktivitet og meir trafikk - noko som ut frå erfaring vil føra til fleire husbrannar og trafikkulukker, påpeikar Holtan.

Betydeleg utfordring

- Utrykkingstida til Ostereidet, og sløkkjevass-kapasiteten på Ostereidet, er ei utfordring i samband med etablering av ny næringsaktivitet, sa Vigleik Stusdal i arealplan-avdelinga i Lindås kommune då han la planforslaget fram for plan- og miljøpolitikarane.

- Dette er forhold som blir tatt opp i gjennom brannordninga og gjennom rekkjefølgjekrav i utbyggingsavtalar, påpeika Stusdal.

Brannstasjon på Ostereidet?

I dag finst det ingen brannstasjon mellom Knarvik og Matre, og stasjonen i Matre er heller ikkje spesielt godt utrusta.

For å dekka behovet for sløkkevatn og innsatstid langs E39 innover Osterfjorden kan det difor vera eit alternativ å etablera ein brannstasjon på Ostereidet.

Men brannsjefen trur ikkje det er ei realistisk løysing, - det vil rett og slett bli for dyrt med investering i anlegg og drift.

- Etter den gamle brannordninga ville det vera fornuftig med ein bi-stasjon eller eit depot i Ostereidet-området. Men med nytt avansert utstyr kompenserer vi ein god del for kjøretid og beredskap, seier Holtan.

Framskoten beredskap

Då ser brannsjefen i staden for seg ein del grep på mannskaps- og utstyrssida ved hovudstasjonen i Knarvik, som vil bidra til å styrka beredskapen i Ostereidet-området.

Holtan skisserer ei løysing med innkjøp av ein mindre brannbil med utstyr som ein eller to brannmannskap kan operera åleine.

- Dersom ein av brannmannskapa har bilen med seg heim, vil han kunne vera tidlegare på brannstaden og gjera viktig førsteinnsats fram til hovudstyrken frå Knarvik-stasjonen kjem. Vi snakkar om dei fire gyldne minutta frå brannen oppstår til det tar skikkeleg fyr. Difor handlar det om å gjera innsatstida kortast mogleg, helst ikkje over 10-15 minuttar, seier Holtan.

Artikkeltags