Gå til sidens hovedinnhold

Krev ny ferje over Fensfjorden

Artikkelen er over 7 år gammel

Hordaland FrP er lite nøgd med kva som har kome fram i avisa Nordhordland dei siste dagane.

Som avisa Nordhordland skreiv om før helga, har ferjene over Fensfjorden vore ute av drift heile 193 gonger i 2013. Heile 126 av desse skuldast tekniske problem.

Likevel seier Skyss at dei ikkje vil setja inn andre ferjer på strekket, sjølv om operatøren, Norled, seier dei har ferjer tilgjengelige som dei kan setja inn på kort varsel. Men for å gjera det, krev dei å verta kompensert økonomisk.

– Det er riktig at Norled har tilbydd alternative løysingar til sambandet, men Skyss har gjort ulike vurderingar og har ikkje funnet rom innanfor rammene vi har, skriv kommunikasjonsrådgjevar i Skyss, Ingrid Dreyer i ein e-post til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Så mange gonger var «Melderskin» ute av drift i 2013

– Vi er ikkje sikre på om ei anna ferje ville ha gitt særleg betre regularitet, skriv Skyss vidare i e-posten.

Det er M/F «Melderskin» frå 1985 som er hovudferja på strekket. Er den ute, har ein tolv timar på seg til å setja inn M/F «Bømlo» frå 1972.

– Skyss er nøgde med «Melderskin» som hovudferje og håpar og trur at Norled i tida som kjem vil forbetra regulariteten ytterlegare, skriv Dreyer i e-postform.

Ho peikar på at ferja oppfyller alle krava i anbodskontrakten. Når Norled fekk kontrakten var storleiken på ferja den viktigaste faktoren.

Desse svara er ikkje Framstegspartiet nøgde med.

– Ferjetilbodet på denne strekninga er i dag langt unna det som er godt nok med gamle ferjer som som ofte får utfordringer slik at rutene blir innstilt, seier Bjarte Vatnøy frå Lindås Framstegsparti til avisa Nordhordland.

LES OGSÅ: Fekk ikkje start på ferja(!)

Difor la alle lokallaga i Nordhordland Framstegsparti fram eit forslag til fellesresulusjon om framtidige ferjeanbod over Fensfjorden, under årsmøtet til Hordaland FrP.

«Hordaland FRP sitt årsmøte ber fylkestingsgruppa hjelpe dei som bruker Leirvåg – Sløvåg til dagen, med eit betre ferjetilbod når fylkeskommunen skal stille krav til ferjematriell i ny kontrakt.»

Framstegspartiet vil ha krav om nybygde ferjer, ferjer med to motorsystem, slik at vedlikehald av ein kan gjennomfølres medan ferja går.Samt at reserveferja har naudsynt kvalitet og kapasitet. Dei vil og pressa på på for å få lagt ut anboda snarlig slik at det vert tid å byggje nytt matriell.

Forslaget fekk full støtte frå årsmøtet.

LES OGSÅ: Stein Inge Larsen rasar mot «dritferjene» til Norled