Korleis skal Knarvik sjå ut?

KNARVIK?SENTRUM:?Slik ser modellen for nye Knarvik ut, sett med Asplan Viak sine auge.

KNARVIK?SENTRUM:?Slik ser modellen for nye Knarvik ut, sett med Asplan Viak sine auge. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

KNARVIK: No kan folk der heime vera med å påverka korleis framtidsbyen Knarvik skal sjå ut.

DEL

Gjennom ein interaktiv 3D-modell på nett kan kven som helst følga utviklinga i planleggingsprosessen av Knarvik sentrum, og koma med eigne innspel til korleis dei ønskjer at Knarvik skal sjå ut. Det er prosjektleiar i Asplan Viak, Fredrik Barth, som står bak initiativet.

– Det vi håpar på, er at flest mogleg vil ta i bruk modellen, og koma med eigne innspel, seier Barth.

Ute til høyring

Sjølve planen er no ute til høyring hjå kommunen, men Barth håpar på at flest mogleg vil koma med eigne innspel i prosessen, etter kvart som planlegginga held fram.

LES OGSÅ: Kommunen vil utvikla Knarvik frå tettstad til ein moderne kystby

– I 3D-modellen kan ein heile tida samanlikna før- og etterbilde av Knarvik. Byggingsdetaljar som dører og vindauge er ikkje tatt med i modellen, men ein kan for eksempel sjå høgda på eit hus, og breidda på ein veg for å nemna noko, seier Barth.

Ein kan og finna huset sitt, og sjå korleis ein blir påverka av byggeplanane rundt.

Ikkje endeleg

– Det er viktig å merka seg at 3D-modellen ikkje nødvendigvis viser korleis alt vil sjå ut til slutt, seier Barth.

Men modellen viser Knarvik sitt maksimale potensial til utbygging. Altså går det ikkje an å bygga meir enn det som er vist i modellen, men det går alltid an å bygga mindre, eller å endra dei forslaga som ligg der.

LES OGSÅ: Store framtidsplanar for Knarvik

Barth omtalar 3D-prosjektet som banebrytande.

Stolte av å vera med

– Eg har ikkje sett eller høyrt noko om at dette er blitt gjort tidlegare. No håpar eg berre at modellen bidreg til at fleire engasjerer seg, og kjem med riktige og gode innspel, seier han.

Lindås kommune er stolte av å vera pilot i prosjektet til Asplan Viak, stadfestar leiar for plan – og miljøutvalet, Jan-Erik Hope, og Arnold Matre, plan – og utviklingssjef i Lindås kommune.

LES OGSÅ: «Eg er redd for at Lindås kommune skuslar bort ein eineståande moglegheit»

– Prosjektet er nyskapande og framtidsretta, og strykar demokratiet ved å invitera heilt nye grupper til å seia si meining, og dermed delta i samfunnsutviklinga, seier dei.

Dersom ein ønskjer å sjå 3D-modellen, klikkar du her.

Artikkeltags