Kongesølv til nh-gründar

Artikkelen er over 13 år gammel

Nh-gründar og mangeårig styreformann Bernt Tungodden mottok onsdag kongens fortenestemedalje i sølv for sin samfunnsinnsats.

DEL

Ordførar Tove Linnea Brandvik stod for sjølve tildelinga. Ho framheva Tungodden sin innsats både i kommunen som skulesjef i perioden der den moderne Lindås-skule vart skapt, som gründar og utbyggar i næringslivet og som kulturbyggar gjennom å vera ei av eldsjelene bak både Knarvikmesse og starten for Knarvikmila. Han har og bak seg lang innsats for Folkeuniversitetet, og har både lærebøker og lokale bøker på samvitet. Ordføraren framheva og familien sin betydning i det han har vore med på.

Skapte lagarbeid

På talarlista under tildelinga på Hotell Norge, stod tidlegare kollegaer både frå skuleverket og Avisa Nordhordland. Mange framheva i sine talar Tungodden sine store evner til å leia gjennom å skapa lagarbeid.

- Du hadde så stor tru på det du dreiv med at du fekk oss andre til å tru på det og. Problemet var ofte berre det at du låg mange år framfor oss andre. Mykje av det vi rista litt på hovudet av, er i dag gjennomført for lenge sidan, sa Ivar Nordland, mangeårig kollega på skulekontoret.

Ivar Nesbø, mangeårig nestsjef under Tungodden på kontoret, kom med fleire gode historier. Han framheva særleg gamlesjefen si evne til å få gjennom det han trudde på.

- Du klarte å formulera vedtak slik at alle følte at dei fekk sitt syn gjennom. Det vart opplevd som demokrati, sjølv om du oftast fekk din vilje, smilte han.

Heilstøypt

- Eg og mange med meg, framhevar tida i avisa som den beste tida i våre liv. Eg forstår ikkje korleis det går an på bli så glad i ein som kjørde oss så hardt, sa tidlegare nh-redaktør Oddbjørn Rosnes. Tungodden var styreformann i nh frå starten i 1974 til sonen Bertil tok over etter tretti år.

Rosnes framheva også Tungodden sin evne til å vera heilstøypt i all si gjerning, også på heimebane.

- Du var travel, og kona di Gunvor har gitt deg rom for å vera travel. Men oppi alt har du makta å ta vare på dei heime på ei framifrå måte. Det er kanskje di aller største æra, kongesølv til tross, sa Rossnes.

Dette vart også framheva av dottera Nina, som tala på vegner av dei tre barna.

- Du gav oss alle tryggheit, fordi vi visste at det var lov å mislukkast. Ditt fokus var alltid på det som var bra, og du overtydde oss om at i morgon kom til det til å gå betre, berre vi prøvde att, sa ho mellom anna. Nina Tungodden bur og jobbar i London, og kunne fortelja ei historie som illustrerer hovudpersonen godt.

- Mine kollegaer forstår jo null av norsken, men eit ord har dei lært seg, og det er ordet ”fantastisk”. Høyrer dei det medan eg pratar, spør dei alltid om eg var på telefonen med far!

Artikkeltags