Elleve namn er med vidare som finalistar til nytt kommunenamn

Nina Bognøy frå Lindås Ap er leiar for namnekomiteen som er sett ned av den førebuande fellesnemnda til Lindås, Meland og Radøy. Ho får hjelp av tidlegare redaktør i Avisa Nordhordland, Randi Bjørlo, til informasjonsarbeidet.

Nina Bognøy frå Lindås Ap er leiar for namnekomiteen som er sett ned av den førebuande fellesnemnda til Lindås, Meland og Radøy. Ho får hjelp av tidlegare redaktør i Avisa Nordhordland, Randi Bjørlo, til informasjonsarbeidet. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Lista over aktuelle namn for den nye storkommunen av Lindås, Meland og Radøy er no skrella ned til elleve kandidatar.

DEL

Det melder einkommune.no måndag ettermiddag.

11 namn vert no sende vidare frå namnekomiteen til referansegruppa. Deira mandat er å komma tilbake med 3-5 namn, blir det opplyst på heimesidene til dei nye kommunane.

– Vår liste er resultat av det mandatet me har fått, basert på innspela frå innbyggjarane, resultat av spørjeundersøkinga og dei historiske intervjua, seier Nina Bognøy, leiar i namnekomiteen til einkommune.no.

Desse er med vidare:

Dei elleve namna som no går vidare til referansegruppa er:

Alver, Alversund, Flatøy, Håøy, Knarvik, Kvernafjord, Lindås, Lygra, Nordhordland, Radfjord og Seim.

Spørjeundersøkinga

Rundt 300 personar har svart på spørjeundersøkinga der målet var å få veta noko om kva innbyggjarane assosierer med og meiner er felles for dei tre kommunane. Resultatet viser at innbyggjarane er framtidsretta, og meiner gode oppvekstvilkår og fokus på idrett, kultur, næring og samhald pregar kommunane.

NH-lesarane har talt: Dei nominerte er ...

Artikkeltags