No fjernar Skyss rutehefta i bussane til Nordhordland

Frå 27. juni blir det ikkje lenger rutehefte å finna i bussane til Nordhordland. Arkivfoto

Frå 27. juni blir det ikkje lenger rutehefte å finna i bussane til Nordhordland. Arkivfoto Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Bussane til Nordhordland blant dei som ikkje lenger vil ha rutehefte frå og med sommaren.

DEL

I ei pressemelding mandag opplyser Skyss at dei frå og med sommaren 2016 ikkje lenger vil ha trykte rutehefte tilgjengeleg om bord i bussane.

Bussane til Nordhordland vil vere blant dei som ikkje lenger har dette tilbodet. Ruteheftene skal trykkast opp, men blir ikkje å finne om bord i bussane frå og med oppstarten av sommarrutene 27. juni.

KVA SYNEST DU OM DETTE? DISKUTER SAKA PÅ FACEBOOK.

Det samme er tilfelle for bussane til Askøy, Sotra og Øygarden, Osterøy og Arna og Sunnhordland.

Frå og med oppstarten av haustrutene 15. og 16. august vil rutehefta heller ikkje vere å finna i bussane til Austevoll, Hardanger og Voss, Modalen og Vaksdal. I Bergen vart rutehefta fjerna i bussane frå og med sommarrutene i fjor.

Skyss understrekar at båter og ferjer framleis skal ha trykte rutehefter om bord.

– Mindre etterspurt

«Skyss fjernar rutehefta frå bussane fordi fleire og fleire reisande heller vil finne ruteinformasjonen på skyss.no og mobilappane. Trykte rutehefte blir fort utdaterte, og det er enklare å nå ut til dei reisande med oppdatert og rett ruteinformasjon via digitale kanalar.», forklarer selskapet. 

Ifølge Skyss er rutehefta langt mindre etterspurt enn tidlegare.

«Dette er ei utvikling i heile kollektivtrafikkbransjen. Både i Noreg og i resten av Skandinavia er det ein klar trend at trykte rutehefte er på veg ut. Vi starta reduksjonen i Bergen i fjor, og no står resten av Hordaland for tur. Langt færre enn før spør etter rutehefte, og mange legg dei att på bussen eller kastar dei frå seg utanfor», seier sals- og marknadssjef i Skyss, Hanne Alver Krum i pressemeldinga.

Sparer pengar

Skyss legg heller ikkje skjul på at det handlar om å spara pengar.

«Ved å trykkje opp færre rutehefte og etter kvart kutte ut trykkinga heilt vil ein spare både pengar og miljøet. Pengane Skyss sparer, vil bli brukte til å vidareutvikle kollektivtilbodet, mellom anna gjennom å betre tilgangen til og kvaliteten på digital informasjon.», heiter det vidare.

Skyss legg til at dei som ikkje har tilgang til internett og mobilappar kan framleis bestille heim i posten. Skyss opplyser at dette kan gjerast på skyss.no, altså på internett (!), eller ved å ringja 177.

Ruteheftene blir også tilgjengeleg  på Skyss sitt kundesenter på Bergen busstasjon frå og med veke 24.

Artikkeltags