Vil la deg bygga i 9 etasjar i Knarvik

SNART I MÅL: Knarvikplanen er ute på andregongshøyring no, og går alt etter planen kan Jan Erik Hope og kommunestyret banka planen gjennom i juni. FOTO: Yngve Garen SvARDAL

SNART I MÅL: Knarvikplanen er ute på andregongshøyring no, og går alt etter planen kan Jan Erik Hope og kommunestyret banka planen gjennom i juni. FOTO: Yngve Garen SvARDAL

Av
Artikkelen er over 5 år gammel

– Om nokon står klar med spaden den 19. juni, kan dei byrja utbygginga.

DEL

Det seier Jan Erik Hope (H).

Han er leiar i Plan og miljøutvalet og har leia Lindås kommune sitt arbeid med Knarvikplanen. Og no byrjar han å sjå lys i enden av tunnelen.

–Med ein gong planen er ferdig, kan dei som har detaljregulert området sitt eller har rammeløyve gå i gang med å bygga ut, seier han.

LES OGSÅ: Reduserer tøffe krav

30.000 rutemeter

Og held politikarane framdriftstakten sin, skal gigantplanen vera banka gjennom i kommunestyret den 18. juni. Deretter er det berre til å setta i gang.

Sidan fyrste gong planen var ute på høyring er det gjort ein del lettingar i planen, for å komma i gang med ei utbygging snarast råd.

– Difor er det lagt opp til at ein kan bygga ut 30.000 rutemeter før rekkefølgekrava byrjar å slå inn. Då må mellom anna ei rundkøyring ved Shell-stasjonen komma på plass.

– Dette har vore eit viktig forhandlingspunkt for oss, for å sikra at planen ikkje går i skuffa, slik at dei som er klare kan gå i gang med ei utbygging, seier han.

For å illustrera kor mykje 30.000 rutemeter er, tilsvarar det 375 leiligheiter på 80 rutemeter kvar.

Likevel er det berre ein brøkdel av kva den gigantiske planen inneheld. Det vert lagt opp til heile 150.000 rutemeter med bustad, 128.000 rutemeter med næring og handel, 85.000 rutemeter tenesteyting, 18.000 rutemeter kontor og 7000 rutemeter med kultur og hotell.

For å illustrera det, Sentralblokken ved Haukeland universitetssjukehus har eit samla golvareal på 125.883 rutemeter.

Det er med andre ord enorme dimmensjonar over kva som skal gå føre seg i Knarvik dei neste åra.

Planen er ute på andregong høyring no, og det er gjort ein del lettingar i planen.

Mellom anna kan ein bygga høgare og større på tomta si.

Betalar for fellesareal

Ein kan faktisk bygga så høgt som ni etasjar i visse delar av sentrum, vert det lagt opp til. Ein har løyst noko av dette ved at ein får rekna fellesareal i Knarvik som sitt areal. Færre eigedommar skal og løysast inn, slik at private kan utnytta dei betre. Det er med på å gje høgare utnytting av tomtene og ein lågare pris for å utnytta sitt eige areal.

Men alt kjem til ein pris. Prisen for å bygga ut lokale tiltak i Knarvik, som må på plass som ein del av krava er i hundremillionarsklassen.

Ein antek at det vil kosta mellom 386 og 471 millionar kroner å bygga ut ein ny allmenning, rusta opp Kvassnesvegen til bygate, rusta opp det lokale vegnettet, gang og sykkelvegar, teknisk infrastruktur og vidare.

Kosten skal verta delt på utbyggarar og kommunen.

Ein må og bruka mange millionar på å bygga ut E39.

287 millionar på E39

Meir nøyaktig mellom 234 og 287 millionar kroner.

Då skal ein få på plass firefelts veg, den ovale rundkøyringa, tilførselsvegar og gang og sykkelsti, for å nemna noko. Og det på ein veg som berre er europaveg på lånt tid.

– Dette er pengar som ein må bruka uansett, seier Hope.

Han viser til at interntrafikken er så høg at ein slepp ikkje unna krava frå Statens vegvesen.

– Men dette er kostnadene som me ikkje vil at skal inn på utbyggingsavtalar, men som me vil at stat eller fylke skal ta, seier han vidare.

Men E39 skapar og problem på andre felt. Sidan Lindås kommune i 1997 bestemte seg for at europavegen skal gå under bakken gjennom Knarvik, betyr dette at ein berre kan bygga ut det planlagde underjordiske parkeringshuset stegvis, fram til ein ny reguleringsplan er på plass.

– No må ein forsterka grunnen mot sine eigedommar, om det kjem tunnel. Men vert planane lagt om og den forsvinn, vil det verta enno billigare for grunneigarane, og dei kan bygga meir under bakken, seier Hope.

– Har ikkje Lindås kommune hengt med her?

– Det er farleg å seia. Men me kan ikkje gjera andre vedtak før det ligg eit anna, reelt framtidsretta forslag i eit område som Vegvesenet har regulert, seier han.

Hope meiner at om ein får på plass ei løysing innan rullering av neste NTP, vil det ikkje få dei store konsekvensane for utbyggarane.

– Om ein ikkje rekk det då?

– Då ligg den inne som den hemskoen den allereie er, sluttar han.

Artikkeltags