Gå til sidens hovedinnhold

Politiet: – Du er kald når du gjer noko slikt

Artikkelen er over 6 år gammel

Frekke tjuvar tok seg inn i bubil ved Knarvik senter, midt på dagen.

– Bileigaren var berre ute av bubilen eit lite ærend, og når han kom tilbake var det stole både fotoutstyr og dashbordkamera, seier Svein Arne Hatlevik ved Nordhordland lensmannskontor.

Det var tysdag ettermiddag i 16-tida at ein eller fleire frekke fyrar tok seg inn i ein bubil som stod parkert utanfor Knarvik senter.

– Du er rimeleg kald når du gjer noko slikt, seier Hatlevik.

Det er uklart korleis dei kom seg inn i bilen.

– Var den låst?

– Det var ingen synlege skader på bubilen, men eigaren lurte på om den uvedkomande kanskje hadde kome seg inn via ei bakdør, seier Hetlevik.

Kommentarer til denne saken