Knarvik-presten: – Barn har rett til å kjenna foreldra

Geir Øy

Geir Øy Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

– Det har ikkje noko med å seia ja eller nei til homofile, seier Geir Øy, prest i Knarvik kyrkje.

Han er mellom dei 13 som seier klart nei til å vigsla homofile. Han grunngjev det med sitt syn på ekteskapet og barn.

LES OGSÅ: 13 av 15 prestar i Nordhordland nektar – Berre Tone vil via homofile

– Skal ha mor og far

– Barn har rett til å kjenna sine foreldre, seier han.

Øy lukkar ikkje døra for homofile som vil i kyrkja.

– Meiningar og livserfaringar skal ikkje skyva nokon vekk frå den kyrkja eg er med og leiar, seier han.

LES OGSÅ: – Betyr veldig mykje

– Dilemma

Øy kallar det ei lei sak, og seier at uansett korleis ein ser på det, vil det vera dilemma.

– Men når 13 av 15 prestar i Nordhordland seier nei til å vigsla homofile, trur du dei føler seg velkomne i kyrkja?

– Det er utfordringa at det kan opplevast som ei avvising. Men avisa er ikkje nokon god plass å driva debatt rundt eit slikt spørsmål, seier han og seier det er betre å møtast rundt eit bord for å få ei forståing av saka.

LES OGSÅ: Trist, men ikkje overraskande

– Ei ikkje-sak

Han kallar det ei ikkje-sak for kyrkja reint praktisk, då alle har rett til å verta vigd i heimekyrkja si, uansett kva den enkelte prest måtte meina om homofili.

– Ein vil aldri møta ei stengt dør, sluttar han.

Artikkeltags