Fekk «stumme» tiggarar på døra ved midnatt

Artikkelen er over 4 år gammel

Telefonane hagla inn til politiet måndag kveld.

DEL

Bebuarar på Frekhaug, i Orrhaugen, Flatøy og Knarvik fekk måndag kveld besøk av aust-europeiske seljarar.

I Knarvik var det nokon som fekk besøk av desse seljarane på døra i 21.50-tida som skulle selja ulike ting. Men det seinaste besøket skjedde på Flatøy.

– Der fekk me melding om ein seljar som hadde vore på døra klokka 23.58, seier lensmann Kjell Idar Vangberg ved Nordhordland lensmannskontor til avisa Nordhordland.

Han seier at det er ikkje rart folk ringer til politiet då.

– Når det er så seint, lurar ein på ærlegheita i besøket, seier han.

Den polske seljaren var ikkje uhøfleg og gjekk på anmoding, seier Vangberg.

– Kva gjer politiet med alle desse telefonane?

– Me gjer ikkje så masse med det. Men om det vert veldig mange og dei vert opplevd som aggresive ser me nærare på det, seier han.

– Kva er rådet dykkar til innbyggarane i Nordhordland?

– Me har ikkje noko råd. Men ein bør jo sjølvsagt vera observante på folk som kjem og ringer på. Mange har ærlege hensikter, men enkelte opplever at dei trenger seg på og plutseleg står inne i gangen deira. Om dei vert opplevd som truane, så må ein ta kontakt med politiet, sluttar Vangberg.

Artikkeltags