Avisa Nordhordland startar ungdomsredaksjon

 Ungdomsredaksjonen Nh Ung tar i mot søknadar fram til 1. februar, og vil då kalle inn til intervju. – Dette gler vi oss til! seier Ung-leiar  og Nh-journalist Eline Kirkebø.

Ungdomsredaksjonen Nh Ung tar i mot søknadar fram til 1. februar, og vil då kalle inn til intervju. – Dette gler vi oss til! seier Ung-leiar og Nh-journalist Eline Kirkebø. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Vi er på jakt etter ungdom frå 15–19 år som vil prøve seg som journalistar.

DEL

I vekene framover skal Avisa Nordhordland starte ungdomsredaksjonen «Nh Ung». Her får ungdom mellom 15 og 19 år som er glade i å skrive, fotografere eller å lage video, prøve seg som journalistar i avisa.

Søknadsfristen går ut onsdag 1. februar.

Får opplæring

– Erfaring er ikkje nødvendig: Vi gir opplæring og rettleiing undervegs. Men, ein må skrive på nynorsk, fortel Nh-journalist og Nh Ung-leiar Eline Kirkebø.

Ho vart tilsett som journalist i Avisa Nordhordland i november 2016, og har tidlegare arbeidd som journalist i Firda og i BA, samt tatt ein mastergrad i medievitskap.

Søk Nh Ung:

Saman med journalist og fotograf Morten Sæle skal ho leie ungdomsredaksjonen. Dei to gler seg til å møte unge journalistspirer frå Nordhordland.

– Eg er sikker på at det finst mange flinke, kreative ungdommar i Nordhordland som har mykje å bidra med til avisa. Eg trur også dei unge kan lære oss mykje, til dømes når det gjeld videoproduksjon og bruk av sosiale medium. Dette blir bra!, seier Kirkebø.

For og om ungdom

Ungdommane vil få betaling basert på kva dei leverer. Ein gong i veka vil ungdommane vere samla til redaksjonsmøte i lokala til Avisa Nordhordland i Knarvik. Her vil ungdomsredaksjonen saman finne ut kva dei skal skrive eller lage videoreportasjar om den neste veka.

– Vi ser etter engasjerte ungdommar som vil lage saker for og om ungdom. Kva dei vil skrive eller lage video om, er opp til dei sjølve. Her er det stort rom for kreativitet, fastslår Kirkebø.

– Dette er eit prosjekt eg har veldig tru på. Eg håpar Eline og Morten får inn mange søkarar. Alle som les dette bør tipse ungdommar dei trur vil vere interessert, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Han opplyser at avisa har fått økonomisk støtte til å etablere Ung-redaksjonen.

– Prosjektet blir gjennomført med støtte frå Vinjefondet, som støttar nynorsktiltak i journalistikken. Utan den støtta hadde ikkje dette vore mogleg å få til, seier Nydal.

Nynorsk er eit krav

– Avisa Nordhordland har alltid vore nynorskavis, og det skal vi også vere i all framtid. Alt eigenprodusert stoff blir skrive på nynorsk, og dette er også eit krav for ungdomsredaksjonen, seier han.  

– Eg håpar vi klarer å etablere ein engasjert redaksjon som boblar over av idear. No kastar vi ballen over til ungdommane og lar dei få skrive om tema som opptar dei. Samtidig vil dei få lære mykje om journalistikk, forhåpentlegvis blir dette vinn-vinn, seier Nydal.

Artikkeltags