Avisa Nordhordland søker nye ungdommar til ungdomsredaksjonen

GLER SEG: Irene Bratteng Fossheim og  Morten Sæle skal leie ungdomsredaksjonen. Dei to gler seg til å møte fleire unge journalistspirer frå Nordhordland.

GLER SEG: Irene Bratteng Fossheim og Morten Sæle skal leie ungdomsredaksjonen. Dei to gler seg til å møte fleire unge journalistspirer frå Nordhordland. Foto:

Av

Vi er på jakt etter ungdom frå 15–19 år som vil prøve seg som journalistar.

DEL

I 2017 starta vi i Avisa Nordhordland opp ungdomsredaksjonen «Nh Ung». Her får ungdom mellom 15 og 19 år som er glade i å skrive, fotografere eller å lage video, prøve seg som journalistar i avisa.

No søker vi etter fleire ungdommar med interesse for journalistikk til runde to for Nh Ung.

Søknadsfristen går ut fredag 30. november.

Får opplæring

– Erfaring er ikkje nødvendig; vi gir opplæring og rettleiing undervegs. Men, ein må skrive på nynorsk, fortel Nh-journalist og Nh Ung-leiar Irene Bratteng Fossheim.

Ho vart tilsett som journalist i Avisa Nordhordland i juni 2012.

Søk Nh Ung:

Vil du bli ein del av vår ungdomsredaksjon? Send ein epost til Ung-leiar Morten på morten.saele@nordhordland.no med CV, vitnemål og litt informasjon om deg sjølv.

Lurer du på noko? Send epost eller ring Irene på 415 30 178.

Søknadsfrist er 30. november.

Saman med journalist og fotograf Morten Sæle skal ho leie ungdomsredaksjonen. Dei to gler seg til å møte fleire unge journalistspirer frå Nordhordland.

– Eg er sikker på at det finst mange flinke, kreative ungdommar i Nordhordland som har mykje å bidra med til avisa. Eg trur også dei unge kan læra oss mykje, seier Fossheim.

For og om ungdom

Ungdommane i ungdomsredaksjonen får betaling basert på kva dei leverer. Ein gong i veka er ungdommane samla til redaksjonsmøte i lokala til Avisa Nordhordland i Knarvik. Her finn ungdomsredaksjonen saman ut kva dei skal skrive eller lage videoreportasjar om den neste veka.

– Det vi ser etter er engasjerte ungdommar som vil lage saker for og om ungdom, fortel Morten Sæle.

Kva dei vil skrive eller lage video om, er opp til dei sjølve.

– Her er det stort rom for kreativitet, fastslår Sæle.

– Dette er eit prosjekt vi har hatt stor suksess med. Eg håpar Irene og Morten får inn mange nye søkarar. Alle som les dette bør tipse ungdommar dei trur vil vere interessert, seier redaktør og dagleg leiar Trond Roger Nydal.

Han opplyser at avisa får økonomisk støtte til å etablere Ung-redaksjonen.

– Prosjektet blir gjennomført med støtte frå Vinjefondet, som støttar nynorsktiltak i journalistikken. Utan den støtta hadde ikkje dette vore mogleg å få til, seier Nydal.

Nynorsk er eit krav

– Avisa Nordhordland har alltid vore nynorskavis, og det skal vi også vere i all framtid. Alt eigenprodusert stoff blir skrive på nynorsk, og dette er også eit krav for ungdomsredaksjonen, seier han.

– Eg håpar vi også denne gongen får på plass ein engasjert redaksjon som boblar over av idear. Vi kastar ballen over til ungdommane og lar dei få skrive om tema som opptar dei. Samtidig vil dei få lære mykje om journalistikk, dette blir vinn-vinn, seier Nydal.

Artikkeltags