Ny toalett-brann på Knarvik VGS: – Ikkje usannsynleg at brannen var påsett

DEL

Ver heime sjølv om du er borte. Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Søndag klokka 1259 fekk 110-sentralen i Hordaland melding om ein automatisk brannalarm ved Knarvik vidaregåande skule. Det viste seg at det hadde tatt fyr inne på eit toalett på skulen.

Lars Geitle, operasjonsleiar i politidistrikt Vest, fortel at politiet no etterforskar saka.

– Det var folk i bygget då det tok fyr, og det oppdaga røyk og oppdaga at det brann inne på toalettet, seier Geitle.

– Ikkje usannsynleg at den var påsett

– Det hadde brent i ein papirdispensar som hang på veggen utanfor eit toalett, fortel vakthavande Arne Corneliussen ved 110-sentralen søndag ettermiddag.

Brannen vart raskt sløkt, og ingen vart skadde under brannen.

– Var brannen påsett?

– Det er rart om det skulle byrje å brenne der utan at nokon har tent på den. Ein papirdispensar er jo ikkje sjølvantennande, så det er ikkje usannsynleg at brannen er påsett, seier Geitle, som elles viser til at dei no er i gang med etterforskinga av saka og at det er for tidleg å slå fast noko.

Ikkje første gong

Seinast sjuande mars i år var det brann på Knarvik skule. Denne gongen var det også inne på eit toalett at det hadde tatt fyr. Politiet sa då til avisa Nordhordland at dei mistenkte at nokon hadde sett fyr på ein papirdispensar inne på jentedoen på skulen.

To elevar vart sende til legevakt etter hendinga tidleg i mars.

Operasjonsleiar Geitle har ikkje oversikt over denne hendinga, og visar til lokalt politi for meir informasjon om eventuell samanheng mellom sakene.

Artikkeltags