Innbrot på ungdomsskule i løpet av helga

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Måndag morgon blei det oppdaga at det hadde vore folk inne i Knarvik ungdomsskule i løpet av helga.

Politiet fekk melding om hendinga i åtte-nitida måndag morgon.

– Det var då tydeleg at det hadde vore folk der inne i løpet av helga, og at dei hadde vore inne i to av klasseromma. Desse vart blitt tilgrisa, fortel politioverbetjent Glenn Ulrik Vaage ved Nordhordland lensmannskontor tysdag.

Måndag var politiet på staden og gjennomførte ei åstadsgransking.

– Vi har førebels ingen mistenkte i saka, og det er enno uvisst om det er noko som er stole, fortel Vaage som opplyser om at politiet no arbeider med saka.

Artikkeltags