Avisa Nordhordland på plass i nye lokale

STABEN: Bak frå venstre: Yngve Garen Svardal (journalist), Kurt Grindheim (marknad), Torbjørn Dalland (marknad), Roar Kjetil Mikkelsen (marknad) og Roger Myhr (marknadssjef). Midten: Randi Bjørlo (journalist), Katrhine Ask Kvingedal (marknad) og Morten Sæle (journalist/fotograf). Framme: Trond Roger Nydal (redaktør/dagleg leiar) og Irene Bratteng Jenssen (journalist). Gro Anette Fanebust (journalist) var ikkje tilstades då biletet var teke.FOTO: Morten Sæle

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

Frå torsdag 1. oktober finn du oss i 2. etasje rett over Kiwi på Knarvik Senter.

DEL

Etter å ha vore stasjonert i promenaden i Knarvik Senter sidan 1987, er Avisa Nordhordland no på flyttefot. Frå torsdag 1. oktober finn du oss i 2. etasje, rett over Kiwi – endå meir sentralt plassert i Knarvik senter.

Alle tilsette, totalt 11 årsverk, flyttar over i nyoppussa og moderne lokale. Marknad og redaksjon er framleis under same tak.

LES OGSÅ: «Det er deg vi er til for»

Nye og moderne lokale

Avisa Nordhordland sin nye redaktør, Trond Roger Nydal, seier flyttinga vil gje fleire positive gevinstar.

– Alle tilsette gler seg til å koma på plass i nye og moderne lokale. No får vi sitta i ope landskap, og vi får ein mykje meir funksjonell drift både i redaksjonen og på marknadsavdelinga, seier Nydal.

– Parallelt med at vi flyttar er det naturleg å innføra nokre nye rutinar og ein litt ny tankegang. Det er ikkje tvil om at Avisa Nordhordland no vil ha eit langt meir digitalt fokus.

– Meir synleg

Leiar for redaksjonsklubben, Yngve Garen Svardal, ser fram til flyttinga.

– Vi ser fram til å koma inn i nye og meir hensiktsmessige lokale. Dagens plassering er litt vekkgøymt. Dei nye lokala vert mykje meir synleg for lokalbefolkninga. Eg trur terskelen for å stikka innom no vert lågare, seier Svardal.

Artikkeltags