Klara fekk cellegift om natta for å rekka Neil Young-konsert

KREFTSJUK:? Det er veldig bra at det kjem eit tilbod til kreftsjuke og pårørande her lokalt, seier Klara Køhne. Ho fekk diagnosen i mars, og har ein månad igjen med behandling. Då seier legane at ho skal vera frisk.

KREFTSJUK:? Det er veldig bra at det kjem eit tilbod til kreftsjuke og pårørande her lokalt, seier Klara Køhne. Ho fekk diagnosen i mars, og har ein månad igjen med behandling. Då seier legane at ho skal vera frisk. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

KNARVIK: - Eg har ein månad igjen med stråling. Så skal eg vera frisk seier legane!

DEL

Klara Køhne ser både frisk og opplagt ut der ho sit i stova i den nye leiligheita i Knarvik. Det er ikkje råd å sjå at ho har vore gjennom strålebehandling denne føremiddagen.

– Eg har heldigvis tålt all behandlinga veldig godt, seier ho.

Fekk sjokkmeldinga

Det har gått eit halvt år sidan ho fekk kreftdiagnosen.

– Det var ikkje i mine tankar at det var kreft som gjorde at eg vart så sjuk, men ultralyden viste ein tydeleg svulst, og det vart straks sett i gang behandling med tøffe cellegiftkurar, seier Klara. Ho er klar på at sjukdomen har vore vanskelegare å takla for dei pårørande. Sjølv har ho vore midt oppi det.

LES OGSÅ: Amalie (11) har vore sjuk halve livet

– No har eg nett starta på ein månad med strålebehandling, så seier legane at eg skal vera frisk.

Sjølv har ho heller ikkje tenkt ein annan tanke. Og ho har vore open om sjukdomen sidan første dag.

– Det er framleis tabu å få kreft, og sjukdomen er ofte forbunden med døden sjølv om dei fleste blir frisk, seier ho. Som bestemor til 13 har ho vore opptatt av å gje barnebarna all den informasjonen dei ville ha.

– Det er utruleg viktig at dei veit kva som er tilfelle. Og så trur eg ein lever lenger når ein er open og positiv, seier Klara.

Frå cellegift til konsert

Ho får ikkje fullrost personalet på kreftpost 2 på Haukeland.

– Dei brydde seg og hadde alltid tid. Og veit du, då eg forsiktig ymta at eg ikkje ville få med meg konserten med Niel Young på Koengen - den tredje eg skulle vore på i sommar - var det ei av pleiarane som foreslo og setja siste cellegift-behandling klokka 2 om natta, i staden for om morgonen, seier ho. Dermed vart det konsert i ein stol på området for handikappa.

– Eg hadde ikkkje greidd å stå. Takka vera utruleg omtanke fekk eg ei heilt fantastisk oppleving og eit herleg punktum på cellegiftbehandlinga, seier Klara.

Opnar kreftkafe

Snart er ho på veg til Knarvik seniorsenter, der det denne første torsdagen i september skal starta eit nytt tilbod; temakafe for kreftpasientar og pårørande.

– Eg trur dette er eit tilbod eg kjem til å bruka. Eg har og prøvd å melda meg inn i Kreftforreningen og ser at dei har mange ulike tilbod i byen. Men for ein som ikkje har så mykje krefter, er det eit ork å reisa til byen, seier ho.

LES OGSÅ: Ein av tre får kreft - Ida Louise samla inn pengar til kreftforskinga

– Minst like viktig er det at dei pårørande får ein møteplass. Eg såg då mannen min var på besøk kor godt det var å få snakka med andre pårørande, seier ho.

– Så kanskje dei pårørande burde hatt sitt eige tilbod.

Seks frivillige vert presenterte som drivarane av kafeen. Under opninga torsdag fortalde distriktssjef Geir Vangsnes i Kreftforeningen om deira arbeid, og gav ros til Lindås kommune for tilrettelegginga av det viktige tilbodet. Levekårsleiar Jostein Hellestveit helsa frå Lindås kommune.

Tilrettelagt trening

I forkant av kafeen vil og Lindås kommune sine fysioterapeutar tilby trening.

– Det trur eg er veldig viktig. Eg har ikkje musklar igjen, men har fått eit treningsopplegg hos fysioterapeut i Knarvik, seier Klara Køhne.

– Vi legg opp til generell, lett trening med mange pauser. I hovudsak sitjande, men dei som orkar kan stå, seier fysioterapeut Jorunn Skaar til nh. Ho presenterte tilbodet under kafeopninga torsdag.

– Tilbodet er interkommunalt, og ein kan melda seg på til fysioterapeut i sin kommune, seier ho.

LES OGSÅ: - Det blir kjekt å få vera eit medmenneske

Artikkeltags