«Hei. Fikk nett politiet på døren så dette er siste meld du får av meg. Eg har nevnt episoden til folk så du er overhode ikke trygg der du er lenger. Nå har jeg fått fullstendig nok. Først anmelder du meg på falsk bakgrunn og nå dette. Dette skal du få svi for lenge din lille dritt!! Til du trekker den helvetes anmeldelsen.»
Slik var trugsmålet mannen frå Lindås sette fram mot ein annan mann, februar for eit år sidan.
LES OGSÅ: «Held eg lenger, er det over»
Same dag hadde han stole ein bil frå Knarvik senter og køyrd rundt med den i Lindås i fem timar, før politiet klarte å stoppa han. Bilen fekk og ein del skader under den ulovlege køyreturen.
Lindåsingen i 20-åra er og dømt av Nordhordland tingrett for fleire heleri av mobiltelefonar, køyring utan førarkort, trugsmål samt kjøp av 100 gram hasj ved Åsane storsenter samt eit par tilfelle av kjøp og sal av doping og Rivotriltablettar.
Han var og sikta for kjøp og sal av 100 gram hasj i Lindås, men den tiltalen fråfall aktor før rettsaka byrja. Han var og tiltalt for å ha brote eit forbod mot å ta kontakt med ein annna Nordhordlending, samt å slå vedkomande i hovudet med ein paraply. Dette vart og fråfalle før rettssaka byrja.
LES OGSÅ: Eks-politi hadde 3772 skot heime
Lindåsingen i 20-åra innrømte alt saman i retten og må no gjennomføra 45 timars samfunsstraff, dette sjølv om fleire av enkeltpostane i tiltalen i seg sjølv er nok for at han eigentleg skulle ha sona.
Det at han tilstod, samt at fleire av hendingane skjedde for eit og eit halvt år sidan er medverkande til det.
LES OGSÅ: 83-åring skulle svinge inn på rasteplass. Då smalt det
Nordhordland presiserer: I ein tidlegare versjon av saka, skreiv me at nordhordlendingen var dømt for køyring i rusa tilstand. Det er han ikkje, og han var heller ikkje tiltalt for det. Me seier oss leie for misforståinga.