Kjempar for Mammografibussen

Ein fryktar at fleire ikkje får påvist brystkreft på eit tidleg stadium om mammografibussen forsvinn frå Nordhordland.

Ein fryktar at fleire ikkje får påvist brystkreft på eit tidleg stadium om mammografibussen forsvinn frå Nordhordland. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Helse Bergen vil fjerna mammografibussen frå Nordhordland. Ekspertane fryktar at færre får starta tidleg behandling av brystkreft i framtida.

DEL

– Screening handlar om å oppdaga dette tidleg og å fjerna kreftsvulstane mens dei er små. Der bussen har vore fjerna frå andre regionar og folk må reisa over lengre avstandar, går oppmøteprosenten ned. Då misser ein effekten som screeninga skal ha. Og det er det ein er redd for her og, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Ho kallar bussen for eit viktig lågterskeltilbod.

43 prosent færre

– Det er friske kvinner det er snakk om, og til lengre reiseveg dei får for å få sjekka seg, dess meir trur eg ein tenker at ein ikkje gidd det. Då misser screeninga effekten, seier ho.

LES OGSÅ: Tøff kamp mot kreften

Ho viser til ei undersøking gjort av Kreftregisteret som viste at dødelegheita av brystkreft låg heile 43 prosent lågare for kvinner som gjekk til screening enn hjå kvinner som ikkje gjekk til screening.

– Dette er eit viktig tilbod til damer i vår region som går på å avdekka og førebygga sjukdommar på tidleg tidspunkt. Vi har tatt det opp med Helse Bergen utan at det når fram, seier Nils Marton Aadland, ordførar i Meland.

Mammografibussen har vore eit tilbod til kvinner mellom 50 og 69 år sidan 1996. Dei vert kalla inn til sjekk annakvart år. Erfaringar frå andre plassar i fylket og landet er at når busstilbodet forsvinn, så går oppmøteprosenten ned med opptil mellom 20 og 30 prosent.

Aadland trur dette kan få uheldige konsekvensar for kvinner i regionen.

LES OGSÅ: Mindre problem med screening enn antatt

Tal frå Brystkreftforeininga viser at ei av tolv norske kvinner får brystkreft.

i 2011 fekk 3094 kvinner diagnostisert brystkreft, og er den vanlegaste kreftforma hjå kvinner.

605 kvinner døde som følge av brystkreft i 2011.

I Nordhordland er det rundt 3500 kvinner som er i målgruppa.

– Viktig at flest mogleg møter

– Fagleg sett er det slik at i screeningen er det om å gjera å få flest mogleg til å møta. Då kan ein oppdaga kreft i ein tidleg fase hos flest mogleg, seier Hildegunn Aase, som er seksjonsoverlege ved Brystdiagnostisk senter til avisa Nordhordland.

Ho seier at erfaringane viser at ein finn kreft eller forstadium på kreft hjå ca seks av 1000 kvinner i aldersgruppa 50–69 år som går til mammografi.

– Så om oppmøtetala går ned, risikerer ein at ein mister nokre krefttilfelle i Nordhordland, seier ho, det er derfor viktig å oppfordre kvinnene til å møte anten tilbodet blir i Bergen sentrum eller det blir i buss i distriktet.

Ho fryktar at oppmøtet vil gå ned om bussen vert lagt ned.

Brev til helseministeren

– No skal Astrid Aarhus Byrknes kontakta helseminister Bent Høie med eit skriftleg spørsmål om saka.

– Dei kontaktane me har hatt med statsrådar har vore positive då kommunane har vorte høyrde, så me håpar at Høye vil følga opp saka og me vil snu saka til gunst for kvinner i NH, seier Aadland.

LES OGSÅ: - 800 grunnløse diagnoser

Byrknes vil senda brevet i løpet av veka, og ministeren har då seks dagar på seg til å svara.

– Fasa bussen ut

Aslak Aslaksen er avdelingsdirektør ved Radiologisk avdeling og seier at avgjersla om å legga ned bussen vart tatt alt i fjor haust.

– Vi tek sikte på å fasa bussen ut gradvis i løpet av hausten i Nordhordland, seier han.

Årsaka til utfasinga er innkjøp av nye mammografimaskiner som skal installerast på Danmarksplass.

Til no har det berre vore ei maskin på Haukeland, men no brukar dei 4–6 millionar kroner på å kjøpa inn to heilt nye maskiner som skal stå i leigde lokale på Danmarksplass.

– Då har vi vurdert det slik at dei som bur nærast Bergen kan reisa inn til Danmarksplass, seier han.

– Frå mi side ser eg at det vert ein lenger reiseveg, men eg meiner at vi må sjå dette i noko større perspektiv. Og kommunikasjonane er vorte mykje betre dei siste åra. Det tek vi konsekvensen av, seier han og nemner at dei og kjem til å ha ope på ettermiddagstid for undersøkingar.

Aslaksen fryktar ikkje at ei nedlegging vil føra til dårlegare oppmøte.

– Kvinnene oppfattar dette som eit godt tilbod og vil ha dette tilbodet, seier han.

LES OGSÅ: Uviss effekt av kreftscreening

Artikkeltags