Det var Linn Håland Vetaas og Kjersti Wiik som fekk ideen, og tok initiativ til veldedighetskonserten, som vart halden på Knarvik Senter lørdag. Under konserten gjekk seks bøssebærarar rundt på senteret, og dei møtte mange gåvmilde strilar.
– Folk er flinke til å gi, og det synest vi er veldig flott, seier Vetaas, som også sjølv stod på scena. Ho er songelev hjå Wiik, og det var i samband med ein songtime at snøballen byrja å rulla.
– Eg sa til Linn at det hadde vore kjekt å arrangera ein kafekonsert med elevane mine no før jul, og det var ho samd i. Vetaas kom då med ideen om å la inntektene gå til Leger Uten Grenser, og deira kamp mot ebola, fortel Wiik.
LES OGSÅ: Kan få TV-sendt julekonsert
– Utruleg positive
Ebola-problematikken er som kjent svært aktuell i desse dagar. Vetaas fortel at ho lenge har hatt ein ønske om å kunne hjelpa.
– Sjølv om eg ikkje er helsearbeidar, har eg tenkt at det hadde vore kjekt å kunne hjelpa på ein eller anna måte. Vi visste ikkje om ein veldedighetskonsert kanskje var vanskeleg å få til, men folk har vore utruleg positive, og det er veldig kjekt, seier Vetaas.
Over 40 artistar var med å bidrog under lørdagens konsert.
– Veldig mange flinke artistar har vore med, og ingen har vore vanskeleg å be, seier Vetaas.
LES OGSÅ: Partnere i livet og musikken
Kvalitetsartistar
Utanom dei to initiativtakarane bidrog ei lang rekkje kvalitetssongarar- og musikarar, både lovande og veletablerte. Namn som Maria Urhaug, Monica Eide, Silje Spurkeland, Melissa Baug og Idol Junior-aktuelle Mathilde Spurkeland kom til Knarvik Senter for å opptre.
Framfor sceana ved Folkemunne Kafe, vart det plassert fleire sofaer og sitjegrupper, og i høve konserten vart det også sett ut stolar.
– Mange har slått seg ned for å nyta konserten, det er fint å sjå, seier Vetaas.
LES OGSÅ: Ralph Myerz tilbake etter åtte år
– Livsviktig arbeid
Ebola-epidemien krev dagleg liv i Vest-Afrika, og Leger Uten Grenser sitt livsviktige arbeid i dei hardast ramma landa er alt frå gratis. Hjelpepersonell som jobbar mot ebolasmitta pasientar er svært utsette, og må bruka spesielle beskyttelsesdrakter medan dei arbeider. For å hindra smitte må desse draktene brennast etter kvar gong dei har vore i bruk.
– Truleg har vi berre sett starten på epidemien, og vi er difor glade for å kunna hjelpa til med det vi kan, seier Wiik.