Som avisa Nordhordland skreiv på onsdag denne veka, er favorittfela til Ivar Medaas sporlaust forsvunne.

Mest truleg er den som har den 100 år gamle fela med ein verdi på 100.000 kroner, ein mann som har hatt ein katt på besøk i kattepensjonatet til Kari Medaas.

LES OGSÅ: Har du sett fela til Ivar Medaas?

Etterkvart vart dei einige om at mannen skulle få spela på fela, då det var betre at den var i bruk, enn at ho berre låg der. Ho noterte namn og nummer på karen.

– Men så har eg 80-90 lappar, veit du. Så då er den kanskje vekke, innrømmer ho.

Kari oppdaga fyrst at fela var vekke, då Anlaug Børsheim kom for å spela på den. For etter Frekhaug-førestellinga vart ho invitert til Alversund for å spela på fela. Det var då Kari fann ut at fela var vekke.

LES OGSÅ: – Det var mer enn skjeglingen med Ivar Medaas

No har dei kontakta media og rykt inn rubrikkanonnse i Bergens Tidende i håp om at han som lånte fela skal melda seg. Håpet er at den skal komma tilbake før Dar kjem dampen-forestillinga skal setjast opp i Bergen.

Men etter tre dagar og massiv medieomtale, er fela framleis som sunket i jorda.

Kiwi Alvermarka lovar no 10.000 kroner i dusør til den som kjem med fela innen Ole Bull- premieren på stykket Dar kjem dampen. Dei har gjort avtale med Kari som er både informert og glad.

LES OGSÅ: Tek Medaasen til bydn

– Me las om det på nettet, og fann ut at me kunne hjelpa til. Særleg då me fann ut at den var verdt så mykje, seier han.

Saman med dei tre andre som driv butikken, Cecilie Guldbrandsøy, Torill Larsen og Leif Gunnar Sagstad, hadde dei eit kjapt møte på bakrommet då Kari Medaas var innom butikken på fredag.

– No håpar eg at han som lånte fela, eller naboen som har gløymt han har høyrd fela, kan sørga for at den kjem tilbake, seier Guldbrandsøy.

Nøgd er og Claus Sellevoll.

– Det er flott at dei stiller opp for sambygdningar i nød. Ivaren sat mykje på Kiwien og hadde historiar og underheld både kundar og ansatte, seier han.