Karoline har gått ned 50 kilo - vil verta så fit som mogleg

PULLUPS: Målet til jentene erå klara ti pullups innan fyrste mai

PULLUPS: Målet til jentene erå klara ti pullups innan fyrste mai Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Eit nytt år er her, med nye moglegheiter. For mange av oss representerer årsskiftet sjansen til å starta eit nytt og betre liv. Gamle uvanar skal vekk, og nye helsefremjande tiltak skal innførast. Sunn mat og trim er blant dei mest brukte nyttårsforsetta kvart år.

DEL

For Karoline B. Dale og Martha Thorsheim bringer 2014 med seg nye treningsmål. Dei byrja å trena saman for eit halvt år sidan. Da låg nemleg Thorsheim ut ei kontaktannonse der ho søkte etter nokon å trena saman med.

– Eg fekk ein god del førespurnader, men valde til slutt å trena med Karoline. For meg var det viktig å finna ei jente som eg kunne trena saman med. Det er kjekt å trena saman med gutar og, men det er ikkje realistisk at ein gut og ei jente kan følga det same treningsprogrammet over tid, seier Thorsheim, som nettopp er ferdigutdanna idrettspedagog.

Slankeoperert

Dale vart slankeoperert i oktober 2012, og sidan då har ho gått ned 50 kilo. I juni 2013 byrja ho å trena styrke på Max Fitness i Knarvik. Målet hennar er å bli så fit som mogleg. Ho vart utruleg glad da ho såg annonsen til Thorsheim.

– Eg hadde eigentleg lyst å legga ut ei annonse sjølv, men eg våga ikkje, fortel Dale.

LES OGSÅ: Cato gafla i seg over 100 kilo kjøttdeig årleg

Ein ekstra bonus for ho er at Thorsheim er idrettspedagog, og kan koma med mange gode treningstips undervegs. No trenar dei saman fem dagar i veka, og trivst veldig godt saman.

For å bli topptrente har jentene sett opp mål som dei skal nå i 2014. Innan 1. mai skal dei greia 10 pullups og 14 dips kvar. Pullups er ei øving der ein heng på ei stong og løftar overkroppen opp med armane, medan dips er ei liknande øving, der ein trenar armane med å senka seg ned frå ei stong.

– Og så har vi mål om å koma på tavla, fortel Thorsheim.

Tavla hjå Max fitness viser kven som har tatt rekordar i ulike øvingar på senteret.

Første nyttår

Eigaren på Max Fitness treningssenter heiter Christer Fløysand. Han har mange års erfaring frå bransjen, og er kjend med at mange har som nyttårsforsett å byrja å trena, eller å trena meir. Men om det vil strøyma på med nye kundar til senteret er litt for tidleg å seia.

LES OGSÅ: Marianne føler seg lurt av reklamen

– Eg opna treningssenteret i april i fjor, og har ikkje opplevd eit nyttår enda, men det blir spennande å sjå. No skal eg utvida senteret frå 300 til 550 kvadratmeter, så det blir plass til mange her, seier han.

Ein av dei som likar godt å trena hjå Fløysand, er Frode Fyllingsnes. Han bur i Hordvik, og sit i elektrisk rullestol. Fem dagar i veka køyrer han frå Hordvik til Knarvik for å trena saman med Fløysand.

– Det er verdt turen. Dette er det beste senteret, og Fløysand bryr seg verkeleg om dei som trenar her, seier Fyllingsnes til Nh.

Skal du byrja å trena?

Det er bra å trena. Ein får auka muskelmasse, betre kondisjon, ein føler seg betre, og får betre livskvalitet skal ein tru ekspertane. For dei som vil setta nyttårsforsettet sitt til livs, har Thorsheim eit par tips.

LES OGSÅ: – Sjokolade er min største fiende

– Ikkje sett deg for høge mål i førstninga. Trening tar litt tid, men det tar ikkje nødvendigvis mykje tid. Det er meir enn bra nok å trena to gonger i veka. Det er viktig å finna den indre motivasjonen, som gjer at ein har lyst til å trena av rett grunn, og for sin eigen del, seier ho.

Ein stor fordel er dersom ein kan finna nokon å trena saman med. Kvifor ikkje gjera som Thorsheim? Legg ut ei kontaktannonse. Det som er viktigast å tenka på dersom du skal finna deg ein treningspartnar, er at vedkommande er minst like motivert som deg sjølv.

LES OGSÅ: Treng tips til å prikka inn maratonforma

Artikkeltags