Jubel for ny Dingja-veg

JUBEL: Bygdefolket hadde kledd seg til fest og vifta med norske flagg då den nye vegen mellom Sollibotn og Dingja vart opna fredag.

JUBEL: Bygdefolket hadde kledd seg til fest og vifta med norske flagg då den nye vegen mellom Sollibotn og Dingja vart opna fredag.

Artikkelen er over 11 år gammel

Til stormande jubel og applaus, vart i går den nye fylkesvegen mellom Sollibotn og Dingja opna. – Der det er vilje vert det ny veg, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik.

DEL

Då fylkesordførar Nils R. Sandal, Gulen-ordførar Trude Brosvik og eldsjela Leif Nyhammer i samarbeid kutta silkebandet over den nye fylkesvegen mellom Sollibotn og Dingja, var det til stormande jubel frå heile bygda. Dette er noko dei har venta lenge på.

Optimismen byrja å breia seg blant bygdefolket då Firda Seafood ville etablera settefiskanlegg på Dingja for seks år sidan. Skulle dette la seg gjera, måtte vegen utbetrast. Diverre gjorde ein nedgangsperiode i marknaden at oppdrettsgiganten sine planar vart lagt på is, men innan dette skjedde hadde folk allereie byrja å snakka høgt om ny veg. Og dette snakket balla fort på seg.

- Utruleg innsats

- Optimismen var skapt, sjølv om oppdrettsnæringa var i nedgang, seier Gulen-ordførar Trude Brosvik, som ikkje legg særleg skjul på kva ho synest om den nye vegen.

- Vi har no fått den flottaste fylkesvegen i heile Sogn og Fjordane, og det kan godt henda at det er den billegaste også. For kvar fjerde vegkrone kjem nemleg tre frå kommunen, seier ho.

Brosvik trekte i sin opningstale fram den frivillige innsatsen til bygdefolk og bedrifter som ein vesentleg faktor til at vegen no er på plass.

- De har gjort ein kjempejobb! Eg vil også takka BKK som våga å ha trua på bygdefolket, grunneigarane som villeg gav marka si til ny veg, samt Statens Vegvesen og entreprenør Magne Hope for ein fantastisk flott utført jobb, seier ordføraren.

Festdag

Opninga av nyevegen trekte fleire hundre menneske til kaien i Sollibotn, og det er liten tvil om at vegen er etterlengta. Folk hadde kledd seg til fest, og dei fleste hadde med seg norske flagg. Brekke skulekorps og elevar frå Eivindvik skule sytte for underhaldninga innimellom talane, og det var ikkje mange som klaga over kald vind i Gulen denne føremiddagen.

Den offisielle opninga av vegen stod fylkesordførar Sandal, Gulen-ordførar Brosvik og eldsjela Nyhammer for i samarbeid, og etter opninga vart turen lagt til Dingja. På 6320 meter, nyasfaltert veg utan eit einaste slaghol.

Sjå bilde frå veg-opninga her

Artikkeltags