Jaktar ukjende skattar

HÅPAR: Feltarkeolog Tina Jensen Granados håpar med eit glimt i auga ho finn eit forhistorisk hus i Romarheimsdalen, men innrømmer at ho ikkje har den store trua på det.

HÅPAR: Feltarkeolog Tina Jensen Granados håpar med eit glimt i auga ho finn eit forhistorisk hus i Romarheimsdalen, men innrømmer at ho ikkje har den store trua på det. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Det fyrste arbeidet med ny tunnel på E39 er i gang!

DEL

– Me held på med ei arkeologisk registreringsundersøking, som er den fyrste delen i ei arkeologisk undersøking, forklarar feltarkeolog hjå Hordaland fylkeskommune, Tina Jensen Granados.

Saman med Solveig Roti Dal jobbar ho denne veka med å undersøka eit jorde på Romarheim for fortidsminner i samband med utbygginga av ny tunnel som skal koma ut eit lite stykke nord for jordet.

LES OGSÅ: Regjeringa lovar Nyborgtunnel

Tunnelen som skal gå frå dagens Eikefet-tunnel vert på til saman seks kilometer og kostar 1,33 milliardar kroner.

Har ikkje stor tru

Tunnelen er sikra finansiering gjennom Nasjonal transportplan, men fyrst mot siste del av den komande 10-årsperioden. No skal dei to feltarkeologane, saman med gravemaskinførar Thomas Håvardstun finna ut om det er kulturminner i området som er i konflikt med utbygginga.

– Forventar de å gjera funn i samband med undersøkingane?

– I utgangspunktet har me ikkje så store forventningar, men ein veit jo aldri, seier Granados.

LES OGSÅ: Følg arkeologane

Ho seier at det er eit attraktivt område å jobba i, då ein har eit stort flatt område og bygg på andre sida av Romarheimselva som er nyaretids kulturminner.

– Er det gjort arkeologiske funn i området før?

– Nei, ingen. Så difor har me ikkje så kjempehøge forventningar. Men me må undersøka, seier ho.

Difor ser dei til dømes etter spor etter dyrking eller forhistoriske dyrkingslag.

– Og så er det jo lov å drøyma om eit forhistorisk hus. Men me trur ikkje at me finn det, seier ho med eit smil.

Ser ned i undergrunnen

Dei har grave opp fleire sjakter på litt over ein meter i breidda og rundt ti meter lange i ei djupn av rundt 30–40 centimeter ved hjelp av gravemaskin, ned til eit område kalla undergrunnen.

– Der ser me etter spor etter kulturminner. Me prøver å dekka område i så stor grad me kan, seier ho.

Dei held på fram til fredag med undersøkingane.

– Om de kjem over nokre spanande arkeologiske funn, kva skjer då?

– Då vert det registrert, dokumentert og tatt med inn, seier ho.

LES OGSÅ: Gravhaug kan stoppa P-plass på Fløksand

Artikkeltags