Ivar Medaas er død

Artikkelen er over 12 år gammel

Ivar Medaas døydde fredag, 66 år gamal. Han vil verta hugsa som ein revykunstnar, visemakar og underhaldningsartist av stort format.

DEL

Gå hausten i møte - BERRE 88 kr for 8 veker med papiravisa og alt innhald på nett

Det er mange som vil føla eit stort sakn når Ivar Medaas no er borte.

– For meg var han både ein stor artist og ein god ven. Det er veldig trist å høyra at han er død, seier Jan Spurkeland, som for nokre år sidan skreiv bok om Ivar Medaas – gjøglar og felespelar.

Suksess i hovudstaden

Mannen frå Alversund med den særeigne stemma og fela klarte det kunststykket å få innpass i hovudstaden. Ivar Medaas hadde sine glansdagar på revyscena Chat Noir på 60- og 70-talet.

– Ivar hadde ein lang og suksessrik artistkarriere, og er vel den einaste frå Nordhordland som har levd av å vera underhaldningsartist. Eg trur dei færraste på strilelandet verkeleg har tenkt over kor stor han var, seier Jan Spurkeland.

På 90-talet var Ivar ei drivkraft i det lokale revymiljøet, fram til han vart ramma av slag.

Unik humorist

I boka om Ivar Medaas gir Spurkeland eit innblikk i livet hans, både som visesongar, revyartist og komponist, og alle hans merittar på scena.

– Dei som har opplevd Ivar ”live” vil hugsa han som ein unik humorist og underhaldningsartist. Det er ikkje mange her i landet som går i hans skor når det gjeld talent og humor, seier Spurkeland.

Mange av Ivar Medaas sine tekstar og melodiar vil stå som sterke minnesmerke etter han.

– ”Dar kjem dampen” er kanskje den visa han er aller mest kjend for. Den har mange eit nært forhold til, seier Spurkeland. Saman med kona Kari opplevde Ivar også stor suksess med Vestlandsduoen.

Tilbakeslag

Jan Spurkeland besøkte Ivar på Såtabu like før jul. Då var han på rekonvalesens etter å ha amputert eine foten.

– Ivar har hatt ei utruleg evne til å overleva mange tilbakeslag. Men no virka han svak. Difor kom meldinga om at han er død ikkje så veldig overraskande på meg, seier Spurkeland.

Spurkeland er for tida på ferie på Tenerife, og skulle i løpet av kvelden i går ta kontakt med Kari og familien. Han håpar han kan koma heim i tide til å vera med i gravferda.

– Det ville vera ei stor sorg for meg dersom eg ikkje skulle få høve til å visa Ivar den siste ære, seier han.

Artikkeltags