– Norge er vårt andre heimland

HAR DET GODT I NORGE: Abdulqadir Omar Sharif, Mohamed Abdulqadir og Ilhan Omar lever eit trygt og fint liv i Norge. Foto: Irene Bratteg Jenssen

HAR DET GODT I NORGE: Abdulqadir Omar Sharif, Mohamed Abdulqadir og Ilhan Omar lever eit trygt og fint liv i Norge. Foto: Irene Bratteg Jenssen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

–Det er enormt stor forskjell på å leva i Somalia og Norge. For oss var det ein lette å koma til rolege og trygge Knarvik.

DEL

Det seier Abdulqadir Omar Sharif, som flykta åleine til Norge for fire år sidan. Han budde først eit år på asylmottak i Florø, før han fekk opphaldsløyve, og flytta til Knarvik.


Kona, Ilhan Omar, vart igjen i Somalia, men på grunn av situasjonen i heimlandet deira, flytta ho til Etiopia, medan ho venta på at Abdulqadir kunne søka om å få ho til Norge.


Abdulqadir starta på norskkurs, og budde i ei leilegheit saman med nokre venner. Sjølv om han hadde det fint i Norge, var saknet etter Ilhan stort og sårt.


– Det var vanskeleg og trist og bu her utan henne. Eg tenkte på ho kvar dag, og lengda etter å sjå ho, fortel han.
I løpet av to år møttest dei to berre to gonger. Då reiste Abdulqadir til Etiopia.

LES OGSÅ: – Deilig å vera dansk i Norge

Vart gravid med ein gong

For sju månader sidan kom Ilhan til Norge, og dei fekk endeleg leva livet saman igjen.
Etter berre nokre veker vart ho gravid, og dei to har vorte foreldre til sju månader gamle Mohamed Abdulqadir.


–Det er kjekt å a ha barn. Det å vera pappa er utruleg! No har han nettopp begynt å seia nokre ord, han har sagt «pappa» for første gong, fortel Abdulqadir stolt.


Dei to foreldra er takksame og glade for at vesle Mohamed får veksa opp i eit trygt land som Norge.


– Han kjem til å veksa opp med moglegheiter ikkje vi hadde då vi var barn.


I august skal Mohamed begynna i barnehage, noko dei meiner er både viktig og bra.


– Han kjem til å læra seg språket godt og få mange venner.


Dei både håper og trur Mohamed vil få eit mykje betre liv i Norge, enn han hadde fått i Somalia.


– Han skal gå på skule og etter kvart læra å ta vare på seg sjølv. Knarvik er ein flott stad å veksa opp, seier pappaen.

LES OGSÅ: Thailandske Nussanat og dottera Jenjira elskar dei norske årstidene: Dyrkar grønsaker i hagen

Elskar den friske lufta

Sjølv om det kalde og skiftande vêret først kom som eit sjokk på dei to somaliarane, har dei no lært seg å både setta pris på og lika det norske klimaet.


– Eg elskar den gode kjensla av å trekka inn frisk og god luft. Og ikkje minst liker eg den gode lukta av sjøvatn, seier Abdul-qadir, og peiker ut av vin- dauget, for å visa at dei kan sjå sjøen frå stova.


– Det spesielle med Norge er at vêret skiftar så utruleg fort. Det er vi ikkje vane med frå heimlandet vårt.

LES OGSÅ: – Kjekt å snakka norsk

– Vårt andre heimland

Ilhan skal begynna på norskkurs til hausten, og Abdulqadir går no på grunnskulen. I Somalia jobba han med å sy klede, og det er også den store draumen å gjera i Norge.


– Eg vil verta designar, fordi eg elskar å laga og sy klede, seier han.


Dei har store framtidsplanar, og meiner Norge er det beste landet for dei å bu i.


– Dette har vorte vårt andre heimland. Nordmenn er hyggelege og respektfulle. Knarvik har både flott natur, skular, barnehagar og eit senter; alt ein familie treng. Vi har det utruleg godt her.

 

Artikkeltags