– Deilig å vera dansk i Norge

ELSKAR Å BU I NORGE: Jeanett og familien skulle berre bu i Nordhordland i eit år, men trivdest så godt at dei vart verande.foto: Catrine Fabricius Jul-Rasmussen

ELSKAR Å BU I NORGE: Jeanett og familien skulle berre bu i Nordhordland i eit år, men trivdest så godt at dei vart verande.foto: Catrine Fabricius Jul-Rasmussen

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Eg trur vi kjem til å bu her for alltid, seier danske Jeanett, som har forelska seg i Norge, og spesielt naturen i Nordhordland.

DEL

Internasjonale Nordhordland:For seks år sidan kom Jeanett Fabricius Jul-Rasmussen til Nordhordland, saman med mannen Jan og deira to døtrer, Catrine og Sarah.


– Planen var at Jan skulle vera utstasjonert på Statoil Mongstad i eit år, medan jentene skulle gå på skule og eg skaffa meg ein jobba. Vi skulle flytta tilbake til Danmark då Jan var ferdig på prosjektet, fortel Jeanett.
Men slik vart det ikkje. Allereie etter par veker i Nordhordland sa Jeanett sin eldste dotter at ho ikkje ville flytta heim igjen, for ho hadde det så bra.

LES OGSÅ: Thailandske Nussanat og dottera Jenjira elskar dei norske årstidene: Dyrkar grønsaker i hagen


Ettersom vekene og månadane gjekk, treivst dei berre betre og betre – og då eit halvt år hadde gått, var det opp til Jeanett å bestemma om familien skulle verta buande, eller flytta tilbake til Sjælland.

Såg på Håøytoppen

– Det vart tidleg klart at Jan kunne fortsetta på Statoil, og sidan jentene treivst så godt, hadde vorte integrert, fått venner og gjorde det bra på skulen, var det eg som skulle ta avgjerda. Valet falt å fortsetta å bu i vakre Norge – eg tenkte det ville vera ein dødssynd å flytta på jentene ein gong til. Dessutan hadde vi det så flott her, alle fire.


No har det gått seks år, og den danske familien har kjøpt seg hus ved Risasjøen.


– Vi stortrivst, eg trur vi kjem til å bu her for alltid, seier Jeanett.
Dei første åra budde dei i ei leilegheit på Ikenberget, med utsikt mot sjøen og Nordhordlandsbrua.

LES OGSÅ: – Kjekt å få visa fram kulturen vår


– Frå stuevindauget såg vi rett mot Håøytoppen, som er like stort som Danmarks høgaste fjell. Sakna vi heimlandet vårt, såg vi berre bort mot Håøytoppen, så roa saknet seg, seier Jeanett medan ho ler hjarteleg.

Som eit postkort

– Eg elskar den norske naturen, den er praktfull. Det finaste ned naturen her er store, flotte fjell med snø på toppen. Det er så vakkert! Når vi viser fram bilde frå Nordhordland til venner og familie i Danmark, seier dei det er som å sjå eit postkort, smiler Jeanett.
 

– Morosame ord


No har Jeanett vorte vane med det norske språket, men i starten syntest ho det var både annleis og morosamt.


– Eg syntest det var utruleg gøy å gå i butikken, og berre lesa kva dei ulike tinga heiter. Eg hugsar spesielt godt at vi lo mykje av ordet «slikkepott», i Danmark seier vi «deigskraper». Også talsystemet sleit eg med – eg måtte nokon gangar be folk om å skriva talet ned på eit ark, så eg var sikker på at eg hadde fått det med meg, som har lagt til ein god del stril i sin danske aksent.

Norsk omgangskrets

Sjølv om Jeanett veit at det bur fleire danskar i Nordhordland, har verken ho eller resten av familien oppsøkt sine landsmenn.

LES OGSÅ: – Vi fekk ein ny start i Norge


– Vi har aldri hatt behov eller lyst til å vera i ein «dansk koloni». For oss har det vore viktig å integrera oss, læra oss språket og normene i Norge. Vi har fått mange norske venner, og lever livet som om vi var nordmenn, fortel ho.

Vil laga hobbybok

Jeanett har alltid likt å halda på med handarbeid. Ho driv med alt frå strikking, måling, hekling, broderi og lappeteknikk.


– Eg har alltid eit eller anna i henda, seier ho, og fortel at det er lappeteknikk ho likar best å halda på med.

LES OGSÅ: Rumenske Jonella er kritisk til landsmenn som kjem til Noreg for å tigga: – Dei må tena eige pengar


–Eg synest det er utruleg gøy å halda på med. Eg lagar alt mogleg, mellom anna lagar eg toalettmapper, teppe, dukar og vesker.


Hennar store draum er å laga ein hobbybok.


– Eg har laga ein del lappeteknikk-produkt på bestilling, det er kjekt at folk liker det eg lagar. I framtida håper eg på å kunne gje ut ein bok med mine eige design, seier den kreative dansken.

Artikkeltags