Innbrot i hytte - tjuvar stal sprit

Artikkelen er over 2 år gammel
DEL

Klokka 1334 laurdag føremiddag fekk politiet melding frå ein hytteeigar om at det hadde vore innbrot i ei hytte i Hundvinsvegen i Lindås kommune.

– Det vart meldt inn av hytteeigar at det var stole ein del sprit frå hytta, fortel operasjonsleiar Kjersti Eidsnes ved operasjonssentralen i Hordaland politidistrikt.

LES OGSÅ: Bil køyrde av vegen og hamna på taket

Ho fortel at politiet har vore på staden og granska, men kan førebels ikkje seie noko meir om saka.

Natt til laurdag måtte politiet også gripe inn etter ein hyttefest som hadde gått over styr.

Artikkeltags