Hus brann ned på Myking

Artikkelen er over 13 år gammel

Eit bustadhus på Myking brann ned til grunnen etter eit direkte lynnedslag natt til lørdag.

DEL

Det var eit valdsamt uvêr på Myking fredag kveld og natt til lørdag, og eit lyn skal ha slått direkte ned i bustadhuset som tok fyr og brann ned til grunnen.

Det budde to personar i huset. Ingen av desse kom til skade i brannen.

Store delar av Myking var utan straum fredag kveld og natt til lørdag som følgje av uvêret.

Artikkeltags