Full fyr i båt ved kai i Hordvik

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

(BA): Klokka 05.30 blei det slått alarm om ein båtbrann i Hordvik småbåthavn. Det var ei dame som var i nærleiken og tilfeldigvis såg brannen.

– Allereie då var det god fyr i båten, for å seie det sånn, seier vaktkommandør Karl-Arne Røyseth ved 110-sentralen.

Båten var i 06.30-tida i ferd med å gå ned. Brannvesenet skal legge ut lenser.

Ligg ytterst på kaien

Både brannbåten og brannmannskap jobba på staden tidleg fredag morgon. Sløkkearbeidet heldt framleis på klokka 06.40.

– Det blei meldt om full fyr i ein båt i Hordvik båtforening. Den er overtent, men ligg ytterst på kaien, og det er ikkje fare for spreiing, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt då.

Har varsla båteigar

Ifølge politiet skal det ikkje vere folk om bord i båten.

Ein representant for båtforeininga er på staden. Politiet har også kontakt med båteigar, men vedkommande var ikkje på kaia tidleg fredag morgon.

Artikkeltags