Neste veke bør du førebu deg på arktisk kulde

I indre strøk kan det bli eit tosifra tal minusgrader neste veke.

DEL

(BA): Viss du likar snøen som har kome dei siste dagane, kan du glede deg både til meir, og at den blir liggande.

– Det er venta inn eit nytt nedbørsområde fredag morgon. Temperaturane i Bergen vil ligge rundt null grader, så då kan nedbøren komme som sludd. Men ein skal ikkje langt inn i landet før det blir snø, og frå fredag formiddag til laurdag formiddag kan det komme mellom ti og femten centimeter, seier statsmeteorolog ved Vervarslinga på Vestlandet, Magni Svanevik.

91 centimeter på Folgefonna

Både på kysten og på fjellet blir det ein del vind fredag.

– Det blir søraustleg sterk kuling langs kysten, før det blir stiv til sterk kuling frå sør laurdag, seier Svanevik.

Torsdag morgon klokka 07.00 var det fire centimeter snø ved målestasjonen på Florida i Bergen. Mest snø i Hordaland er det ved Folgefonna skisenter, dei kan notere seg 91 centimeter, mens det i Myrkdalen er 47 centimeter og på Kvamskogen 63 centimeter onsdag morgon.

Det vil bli sludd- eller snøbyger i bergensområdet også gjennom helga, før temperaturen fell fra søndag når det kjem kalde luftmassar frå Arktis inn over landet. Meteorologenes langtidsprognosar viser at det skal bli kaldt vintervêr over heile landet neste veke.

– I indre strøk kan det bli eit tosifra tal minusgrader, mens det i ytre strøk kan bli ned mot fem-seks minusgrader, seier meteorologen.

Artikkeltags