Hordaland får enorme mengder med regn store deler av måndagen

Det er venta mellom 60-80 mm regn i løpet av dei neste 24 timane.

Det er venta mellom 60-80 mm regn i løpet av dei neste 24 timane. Foto:

Av

Det er venta mellom 60-80 mm regn i løpet av dei neste 24 timane.

DEL

[Nettavisen]: – Kraftige byger, kan hende med torden er venta i Hordaland frå natt til måndag. I indre strøk kan det lokalt komme 60–80 mm på 24 timar. Gult farevarsel er sendt ut, skriv Meteorologisk institutt på Twitter.

I farevarselet står det også at ein bør vurdere behovet for forebyggande tiltak.

– Det blir anbefalt å rense opp i sluk og halde rister opne, slik at vatnet får renne fritt, seier vakthavande meteorolog Marianne Skolem Andersen til Nettavisen.

Ho poengterer at dette er viktig, spesielt på dei plassane kor nedbøren blir verst.

– Veldig lokalt kan det komme kraftige byger, og då kan det vere fare for oversvømte kjellarar, fortel Andersen.

Vanskelege køyreforhold

Nedbøren kan også gi trafikale problem i fylket. Bilistane bør belage seg på tålmod måndag morgon på veg til jobb.

– Det er måndagen som peikar seg ut som dagen med mest nedbør i neste veke, så det kan bli fare for overvatn og vassplaning. Ein bør tilpasse farten, seier meteorologen.

Ho ber også bilistar om å vere merksame for moglege jordskred.

Det er først og fremst Trøndelag og Møre og Romsdal som også vil få nedbør på måndag, mens andre byar unngår dei verste bygene og får ein grei start på veka med temperaturar frå 14 til 19 grader og opphaldsvêr.

Artikkeltags