Nesten ni timar med kø på E16 - ventar meir kø i ettermiddag

Artikkelen er over 1 år gammel

Køane starta i 15-tida, og vart til omtrent 23.30 i går. Vegtrafikksentralen spår at måndag blir ein ny kø-dag.

DEL

– Det kan nok bli bra med kø også i dag. Det er sikkert ein del som har utsett heimreisa med ein dag på grunn av det fine vêret, seier trafikkoperatør Tore Tysse ved Vegrafikksentralen til BA.

Som på søndag reknar han med at køen vil starte frå mitt på ettermiddagen ein gang.

– Det er umogleg å spå naturlegvis, men det er nok lurt å komme seg av garde tidleg.

Slik forløp køen søndag

Klokka 23.50 ser køane ut til å ha løyst seg opp. Det har vore samanhengande kø sidan 15-tida, og på det lengste stod køen nesten frå Stanghelle til Arna. Det er ein distanse på over tre mil.

Trafikkoperatør Ronny Sleire ved vegtrafikksentralen sa søndag kveld at bilistane måtte vere tålmodige, og ikkje minst tette lukene.

– Vi ser på kameraene våre at nokon ikkje er vakne nok, og følger ikkje på bilene foran. Då blir det lange avstandar, og køen blir verre.

Sleire trur at det kan bli ein del kø også i dag, 2 påskedag.

– Det er jo vanskeleg å seie, men vi trur jo det blir ein del kø då også, ettersom det er så fint vêr i fjellet enno, seier han.

– Lange avstandar

Klokken 18.30 drog politiet til Trengereid for å sjå om det var noko å gjere med køen.

– Dei køyrde Arnanipatunnelen og opp til Trengereid, men har snudd og køyrd tilbake no. Det er ikkje så mykje å gjere med. Det går tregt, sa operasjonsleiar Frode Kolltveit i politiet.

Han sa også at patruljen reagerte på lange avstandar mellom bilane i køen.

– Dette gjeld ikkje alle, men det var nokon i køen som køyrte veldig seint, slik at avstanden til bilen foran blei veldig lang. Det var patruljen oppgitt over, seier Kolltveit.

Artikkeltags