Kan bli dyrt viss du gløymer beltet på bussen

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Det er slutt på muntlege advarslar. No risikerer du 1500 kroner i gebyr.

DEL

Gløymer du sikkerheitsbeltet på bussen kan det koste deg 1500 kroner i gebyr, opplyser Statens vegvesen, ifølge BA.

Frå og med mandag skal vegvesenet kontrollere beltebruk i buss. Etaten slår fast at det no er slutt på muntlege advarslar.

– Utan belte er du til fare for deg sjølv og dei du reiser saman med om det skulle skje ei ulykke. Gebyret i seg sjølv er ikkje viktig for oss, men eit viktig virkemiddel for å få fleire til å ta trafikksikre val, seier Ingrid Heggebø Lutnæs i Statens vegvesen.

LES OGSÅ: Biltjuv stakk av frå politiet - stoppa av spikermatte etter biljakt

Åtte menneske blei drept i bussulykker i tidsrommet 2014 til 2015. Fleire av dei omkomne kunne redda livet om beltet var på, ifølge Statens vegvesen.

– Skadepotensialet i buss er enormt om det skulle skje ei ulykke. I ein kollisjon er det sterke krefter som blir sett i sving. Beltet held passasjerane på plass i setet. Det kan redde liv, seier Lutnæs. 

Det er ikkje alle bussar som har krav til sikkerheitsbelte. Dersom det gjeld bussen du sitt på, så kan ikkje Statens vegvesen gje deg gebyr.

Artikkeltags