Varslar redusert kapasitet på ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg

Artikkelen er over 1 år gammel

Maksimum 25 passasjerar på morgonavgang.

DEL

Norled melder om redusert kapasitet på ferjesambandet Leirvåg - Sløvåg tysdag morgon.

Det er avgangen klokka 09.15 frå Leirvåg som går med redusert kapasitet. Det er då maksimalt lov til å ta med 25 passasjerar.

Norled har ikkje oppgitt kva som er årsaka, men det normale er transport av farleg last.

Artikkeltags