Sogn og Fjordane fylkeskommune vann sak mot BKK

VANN: Sogn og Fjordane fylkeskommune vann sak om forkjøpssak i tingretten. Her frå rettsaka med fylkeskommunen sine advokatar: F.v. Svein Hågård, Per Anders Bjørgan og Ulf Larsen (Lund & co)

VANN: Sogn og Fjordane fylkeskommune vann sak om forkjøpssak i tingretten. Her frå rettsaka med fylkeskommunen sine advokatar: F.v. Svein Hågård, Per Anders Bjørgan og Ulf Larsen (Lund & co) Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Sogn og Fjordane tingrett har slått fast at fylkeskommunen kan overdra aksjar i SFE til kommunane i Sogn og Fjordane utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK.

DEL

(Firda): Dette melder Sogn og Fjordane i ei pressemelding fredag morgon.

Gjekk til søksmål og vann fram

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig den største aksjeposten i Sogn og Fjordane Energi (SFE) gjennom selskapet SF Holding.

Fylkeskommunen har gått til søksmål mot BKK, den nest største eigaren i SFE, for å få avklart om BKK vil ha forkjøpsrett ved ei eventuell overføring av aksjane i SF Holding når Sogn og Fjordane vert slått saman med Hordaland.

Tingretten har no slått fast at det ikkje vil utløyse forkjøpsretten til BKK om fylkeskommunen vel å overføre aksjane til kommunane i Sogn og Fjordane.

BKK vurderer å anke

BKK vart dømd til å betale fylkeskommunen sine sakskostnader på 654.961 kroner.

Domstolane si vurdering er viktig for å avklare handlingsalternativa fylkeskommunen har for å sikre at verdiane som aksjane i SFE representerer, kan bli verande i Sogn og Fjordane også etter fylkessamanslåinga.

BKK melder i ei pressemelding at die vil anke dommen frå Sogn og Fjordane tingrett.

– Spørsmålet om retten skal kunne avgjere forkjøpsretten i ein transaksjon som ikkje har funne stad, er så prinsipielt viktig at BKK vil vurder å anke dommen, seier Tonny Nundal, konserdirektør kommunikasjon i BKK i pressemeldinga.

BKK meinte saka burde vore avvist.

Artikkeltags