Gå til sidens hovedinnhold

No kan du søke på den viktigaste leiarstillinga for utviklinga av det nye storfylket

Artikkelen er over 3 år gammel

Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommune har lyst ut stilling som prosjektleiar for etableringa av det nye storfylket.

Det nye storfylket skal ha ein trygg, tydeleg og samlande pådrivar som skal leggje til rette for at regionen vår får ei tydelegare rolle i samfunnsutviklinga regionalt og nasjonalt.

Den som får jobben skal byggje ein ny organisasjon med felles kultur som leverer gode tenester innanfor stramme økonomiske rammer.

Dette skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding torsdag, melder Firda.

Fylkesordførar i Sogn og Fjordane Jenny Følling (Sp) meiner dette blir ein av dei viktigaste leiarjobbane som lysast ut på Vestlandet fram til samanslåinga.

– Det må vere ein god leiar som maktar å leie når det skjer endringar. Vi snakkar om ei stor bedrift med over 5.000 tilsette, seier Følling.

Les også

Full krangel med Hordaland om SFE-verdiane

Eit massivt prosjekt

Følling meiner at å ha erfaring frå politisk virksomheit er nødvendig.

– Å kunne ta politiske signal blir den store oppgåva. Ein må og ha erfaring frå prosjektretta arbeid. Når to fylke skal smeltast saman, og ein i tillegg skal implementere nye oppgåver, blir dette eit massivt prosjekt, seier Følling.

Å skulle bygge ein ny, felles kultur for det nye storfylket ser ho og på som krevjande.

– Det er viktig når vi skal lage den nye fylkeskommunen at vi tek med det beste frå begge stadar. Det vil i ein kvar organisasjon vere ulik kultur og ulike måtar å gjere ting på. Å skulle bygge ein ny felles kultur blir ei utruleg viktig oppgåve, også for det politiske miljøet.

Les også

No er det opp til Stortinget om dei får ta namnet «Vestlandet»

Håpar på stor interesse

Søknadsfristen for stillinga er torsdag 12. april, og Følling håpar på mange søkarar.

– Vi håpar at det vil vere interesse for dette, og det bør vere interesse når det er snakk om ein så attraktiv leiarjobb. Så vi håpar på mange spennande personar som vi kan vurdere.

Fellesnemnda for samanslåing av dei to fylka skal gjere endeleg tilsetting. Målet er at det skal skje fredag 4. mai.

Les også

Gler seg over oppgåver for 25 milliardar kroner

Kommentarer til denne saken