Mange trur fisk og havbruk kan bli større enn olje om 30 år

OPTIMISME: Næringslivet på Vestlandet er meir optimistiske enn på fleire år, og mange trur fisk og havbruk kan bli større enn olje om 30 år.

OPTIMISME: Næringslivet på Vestlandet er meir optimistiske enn på fleire år, og mange trur fisk og havbruk kan bli større enn olje om 30 år. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Økonomisk optimisme i vest.

DEL

Næringslivet på Vestlandet er meir optimistiske enn på fleire år. Vestlandsindeksen viser den største framtidstrua på nesten fem år blant lokale bedriftsleiarar, skriv Bergens Tidende.

– Bedriftene forventar betring både i investeringar, sysselsetting, etterspørsel og lønsemd framover, seier konserndirektør Ragnhild Janbu Fresvik i Sparebanken Vest. Banken står bak indeksen, som blir utarbeidd kvart kvartal på bakgrunn av spørsmål til 700 bedriftsleiarar på Vestlandet.

Stemningsskifte

Optimismen blir i stor grad driven av at stemninga i oljenæringa har snudd etter at oljeprisen og forventningane til framtidige investeringar har auka. Oppturen har likevel ein viss bismak for banksjefen.

– Det er sjølvsagt positivt at offshorebedriftene opplever auka aktivitet og optimisme. Samtidig veit vi at næringa ikkje skal tilbake til 2014-nivå. Eg skulle derfor gjerne sett ein breiare oppgang for vekstbedrifter i andre bransjar, seier Fresvik.

Fisk er framtida

Bedriftsleiarar har også blitt spurt kva tre næringar dei trur vil vere viktigast for Vestlandet om 30 år, skriv Stavanger Aftenblad. 46 prosent trur olje og gass framleis vil vere blant dei viktigaste næringane i framtida. Heile 65 prosent svarte havbruk og fiske, ei næring som berre 45 prosent sette på topp tre i 2013.

Sjømatnæringa stod for 1,8 prosent av den landbaserte verdiskapinga i 2016, mens petroleumsnæringa stod for 14,2 prosent.

Fresvik har inga tru på at ein eller to bransjar kan bli den same motoren i økonomien som oljenæringa har vore. Ho meiner likevel at ingeniør- og teknologikompetanse for petroleumsnæringa kan vidareutviklast. Sparebankdirektøren viser blant anna til vindkraft og til norske verft som byggjer batteriferjer og hybridbåtar.

Artikkeltags